Forskingsnyheiter
Millionar i EU-midlar til kreftprosjekt
Helse Møre og Romsdal, gjennom Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering (KKR) og Klinikk Ålesund sjukehus, har fått innvilga støtte frå EU til eit større internasjonalt forskingsprosjekt innan kreftbehandling og pasientoppfølging. Prosjektet ENACT65 har fått 4,9 millionar euro gjennom Horisont Europa, som er EUs leiande forskingsprogram.

Foto: Colourbox.com
– Det er viktig for oss å vere med i større internasjonale forskingsprosjekt fordi det bidreg til å betre kreftbehandlinga i heile landsdelen, og det gir oss høve til å samarbeide med dei beste forskarane og klinikarane i Europa, seier klinikksjef ved KKR Siri Talseth-Frilund.
Konstituert forskings- og utdannignssjef, Vibeke Devold Valderhaug, gratulerer med tildeling.
– Eg vil gi en særlig honnør til Jo-Åsmund Lund, Øyvind Yksnøy og Stein Kaasa for det sterke bidraget frå HMR! Å vere ein ettertrakta samarbeidspartnar i eit så omfattande internasjonalt forskingsprosjekt er ei viktig anerkjenning av det solide kreftforskingsmiljøet vårt. Dette viser at vi gjennom høg kvalitet, fagleg tyngde og målretta forskingsinnsats lykkast med å utvikle betre kreftbehandling og meir heilskapleg pasientoppfølging. Eg er stolt av arbeidet som blir gjort, og glad for at HMR er med på å drive fram ny kunnskap som vil få stor betydning for pasientane våre, seier ho.
Vil betre livskvaliteten for kreftpasientar
Prosjektet har som mål å betre livskvaliteten til kreftpasientar før, under og etter behandling. Eit sentralt tiltak er å innføre systematisk symptom- og funksjonskartlegging for alle kreftpasientar. Her vil det bli tatt i bruk eit digitalt verktøy utvikla gjennom eit anna EU-støtta prosjektet, MyPath (MyPath – The digital solution for patient-centred cancer care), leia frå Oslo universitetssykehus, der Helse Møre og Romsdal har hatt ei sentral rolle.
Les også: Ambisiøst forskingsprosjekt: - Kan forlenge kreftpasientar sine liv
I ENACT65 skal det utviklast nye modellar for ernæring og trening, særleg retta mot pasientar med lungekreft og tjukk- og endetarmskreft.
– Vi veit frå mange kliniske studiar at pasientar som får systematisk symptomkartlegging, og som får hjelp dersom dei er underernærte eller rører seg for lite, lever både betre og lengre. Eit stort dilemma i for meg som er klinikar og forskar er at pasientane ikkje får skreddarsydde tilbod i dag. Dette skal ENACT65 gjere noko med, seier Jo Åsmund Lund, overlege ved KKR og

førsteamanuensis ved NTNU.
Brei internasjonal deltaking
ENACT65-prosjektet, som er eit internasjonalt konsortium leia av Oslo universitetssykehus, har fått 4.9 millionar euro (om lag 57 millionar kroner) gjennom Horisont Europa, som er EU sitt forskingsprogram.
Konsortiet samlar leiande internasjonale partnarar, inkludert Gustave Roussy (Frankrike), UMC Utrecht (Nederland), Netherlands Cancer Institute og Biogipuzkoa Health Research Institute (Spania). Prosjektet inkluderer også samarbeid med DNV Imatis og International Society of Geriatric Oncology (SIOG).
– Å få ta del i ein slik studie hadde vi ikkje fått til utan det gode samarbeidet vi har hatt i fleire år med det Europeiske Forskningssenteret PRC (OUH –Palliative treatment). Dei har bidrege til at vi i KKR er med i fleire nasjonale og internasjonale prosjekt, seier Talseth-Frilund.
Leiar for PRC og tidligare forskar i HMR, Stein Kaasa, peikar på at deltaking frå heile sjukehus-Noreg er viktig:
– For oss er det veldig bra å ha med mindre sjukehus for å kunne utvikle nye behandlingsmodellar som kan brukast breitt i helsetenesten i Norge og Europa.

Foto: Per Marius Didriksen OUS_HF
HMR egnar seg godt til å vere med i slike prosjekt. Det er oversiktlege forhold, korte avgjerdslinjer og stor entusiasme til å få til noko nytt. Sidan behandlingane skal støttast digitalt er det naudsynt å ha med private aktørar slik som DNV Imatis som har evne og vilje til å utvikle nye IKT-løysinger saman med oss klinikarar, seier Kaasa.
Fleire lever lenger – behovet for støtte aukar
Overlevinga for lungekreftpasientar har auka dei siste åra, og mange lever lenge med sjukdommen.
– I dette perspektivet er det ekstra viktig å vere med og utvikle verktøy som set fokus på livskvaliteten også til denne pasientgruppa, seier Øyvind Yksnøy, seksjonsoverlege ved lungeseksjonen i Ålesund.
Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, har følgjande kommentar til tildelinga:
– Eg vil gratulere forskingsmiljøet vårt med ei svært viktig tildeling. Dette er resultat av målretta og langsiktig arbeid. At vi no får finansiering frå EU, stadfestar at Helse Møre og Romsdal held høg kvalitet innan klinisk forsking. Prosjektet er eit godt døme på korleis vi, i samarbeid med sterke nasjonale og internasjonale partnarar, utviklar tenestene våre til beste for pasientane.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.