Forskingsnyheiter
Millionsum i forskingsmidlar til kreftprosjekt i Ålesund
Eit unikt forskingsprosjekt har nyleg blitt tildelt støtte frå Kreftforeningen. Med mål om å utvikle betre kreftforløp og måle pasientopplevd kvalitet, blir prosjektet løfta fram som nyskapande og med potensial til å forbetre kreftomsorga både lokalt og nasjonalt.

Forskingprosjektet «Patient Centred Care in Ålesund» har fått innvilga støtte frå Kreftforeninga si utlysing Accelerating methods into practice 2025. Prosjektet får 1,97 millionar kroner i perioden 2026–2027. Det var til saman 26 søknadar i denne kategorien.
Prosjektet skal utvikle pasientsentrerte kreftforløp og måle pasientopplevd kvalitet ved hjelp av PROMs (Patient-Reported Outcome Measures) før, under og etter behandling. Komiteen vurderer prosjektet som nyskapande, med stort potensial for å forbetre kreftomsorga både nasjonalt og internasjonalt.
Sterkt fagmiljø bak prosjektet
Prosjektet blir leia av onkolog og forskar Jo-Åsmund Lund ved Ålesund sjukehus, som har lang erfaring med pasientsentrert kreftomsorg og forskingsbasert utviklingsarbeid. Med seg på laget har han professor Stein Kaasa, ein av landets mest anerkjende kreftforskarar, som no har ei mellombels forskingsavtale ved Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, HMR.
Saman bidreg dei med solid kompetanse innan klinisk forsking, implementering av pasientforløp og bruk av PROMs. Samarbeidet deira styrkar prosjektet sine moglegheiter for å skape varige forbetringar i kreftomsorga – både lokalt og nasjonalt.
– Denne tildelinga viser at det er mogleg for oss som ikkje er universitetssjukehus å vere konkurransedyktige om nasjonale forskingsmidlar, uttalar Lund.
Les også: Ambisiøst forskingsprosjekt: - Kan forlenge kreftpasientar sine liv
Kjem pasientane til gode

Siri Beate Talseth-Frilund, klinikksjef ved Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, seier tildelinga kjem pasientane til gode.
– Som klinikksjef er eg stolt over at vi har fått gjennomslag for eit prosjekt som kombinerer pasientnær forsking med høg fagleg kvalitet. Å ha Jo-Åsmund og Stein med på laget gir oss ei unik moglegheit til å utvikle kunnskap som faktisk kan endre praksis – til det beste for pasientane, seier ho.
Vidare fortel ho at dette prosjektet styrkar strategien deira for forsking og innovasjon, og viser at dei lukkast med å byggje bru mellom klinikk og akademia.
– Det gir oss òg eit viktig verktøy for kvalitetsforbetring og kompetanseutvikling i heile klinikken, seier Talseth-Frilund.
Lund legg til at prosjektet skal inkludere aktivitetar på Vardesenteret og Pusterommet, noko som er unikt.
Tildelt St. Olavs Orden
Det er fleire gode nyheiter for som har betyding for kreftforskinga i desse dagar. Stein Kaasa blei nyleg tildelt St. Olavs Orden – Riddar av 1. klasse for sin innsats innan palliativ medisin. Utmerkinga skjedde i forbindelse med The 14th International Seminar of the European Palliative Care Research Centre på Helsfyr i Oslo førre veke.
– Det er ei stor ære å få denne anerkjenninga, men enda viktigare for det palliative miljøet i Noreg og internasjonalt, seier Kaasa.
– Dette gir ytterlegare inspirasjon til å jobbe på vidare for å betre livet til kreftpasientane. I Ålesund er vi med på eit internasjonalt prosjekt – MyPath – kor vi utviklar nye løysingar for å betre systematisk kartlegging av pasientane sine symptom, samt deira fysiske og psykiske helse. Med dette vil pasientane bli aktivt med på å bestemme vidare utreiing og behandling.

Han avsluttar med å nemne at tildelinga frå Kreftforeningen vil sikre at MyPath-tilnærminga blir brukt til alle kreftpasientar på poliklinikken i Ålesund. – Dei vil då få eit skreddarsydd opplegg på Vardesenteret og Pusterommet. Eg ser fram til å jobbe med desse prosjekta i Ålesund.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!