Forskingsnyheiter
Ny bok om helsekompetanse og berekraft
Helse Møre og Romsdal og NTNU har gått saman om å lage ei bok for å belyse viktigheita av helsekompetanse, samvalg og berekraft. Dette er ein føresetnad for at pasientar skal kunne delta i felles avgjerder om eigen behandling. – Intensjonen med boka er at vi skal gi vårt bidrag til å styrke helsekompetansen i befolkninga gjennom at utdanningsinstitusjonar, helseinstitusjonar og helsepersonell skal bli flinkare til å både auke den og ta omsyn til den, seier Torstein Hole og Marit Kvangarsnes.
Helsekompetanse blei i 2019 for fyrste gong etablert som det norske omgrepet for «health literacy», og blir skildra slik: Helsekompetanse er personar sine evne til å finne, forstå, vurdere og bruke helseinformasjon for å kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder relatert til eiga helse. Dette gjeld både avgjerder knytt til livsstilsval, sjukdomsførebyggande tiltak, eigenmestring av sjukdom og bruk av helse- og omsorgstenesta (Helsedirektoratet 2020).
Boka “Towards Sustainable Good Health and Well-being: The Role of Health Literacy” er no tilgjengeleg i Open Access. Den tek føre seg pasientdeltaking og helsekompetanse for god helse og livskvalitet, samt berekraft i helsetenesta.
Torstein Hole, overlege i kardiologi og professor ved NTNU, og Marit Kvangarsnes, forskingsrådgivar og professor ved NTNU, er redaktørar og forfattarar saman med professor Bodil J. Landstad ved Mittuniversitetet i Østersund, Elise Kvalsund Bårdsgjerde, førsteamanuensis ved NTNU og Sandra Elisabeth Tippett-Spirtou, universitetslektor ved NTNU.
Dei fortel at dei har prøvd å synliggjere korleis helsekompetanse både er viktig for å oppnå berekraftige helsetenester i framtida, og for å utjamne sosiale eller sosioøkonomiske forskjellar i helsetilbod eller bruk av helsetilbod.
– Boka består av ei samling av forskingsartiklar, så den skil seg ut frå ei vanleg lærebok i helsekompetanse, forklarar Hole. – Boka er delt i tre delar som belyser helsekompetanse og berekraft i eit historisk perspektiv teoretisk, pedagogisk og empirisk. Siste del av boka har ei samling artiklar som belyser helsekompetanse knytt til ulike grupper.
Individuell og institusjonell helsekompetanse
Forfattarane påpeiker at det er særleg to aspekt ved helsekompetanse som er viktig å få fram.
– Det eine er den individuelle helsekompetansen. Det går på ein person sine evner til å nyttiggjere informasjon, og å bruke den til å finne fram i systemet eller til å endre livsstil eller å ta i mot behandling. Det andre er den institusjonelle helsekompetansen som går på helseføretaket sine evner til å ta omsyn til pasienten sin helsekompetanse når vi gir helse- og opplæringstilbod, og evner til å auke pasienten sin helsekompetanse slik at hen blir i betre stand til å bruke dei rette tilboda, forklarar dei.
Lang vei å gå for å nå viktige mål
FN har åtvara om at det er mangel på framgang i å nå berekraftsmåla, noko som påverkar dei fattigaste og mest sårbare menneska i verda. I boka kan ein lese at desse globale utfordringane gjer at behovet for auka nivå av helsekompetanse er meir pressande enn nokon gong.
– Særleg i fattige land er helsekompetansen låg, men forsking viser at helsekompetanse er låg også i Noreg. Menneske med låg helsekompetanse vil i mindre grad ha føresetnadar til å gjere gode val når det gjeld eiga og andre si helse. Helsepersonellet må tilpasse informasjon og opplæring til den enkelte pasient eller brukar.
– Folk med låg helsekompetanse søker helsetilbod sjeldnare og nyttiggjer informasjonen dei får frå helseføretaket på ein dårlegare måte. Og spørsmålet her blir jo om vi må endre våre måtar å levere informasjon og opplæring på for å nå nettopp dei med låg helsekompetanse, legg Hole til.
Verdifull i utdanningssamanheng
Forfattarane seier at boka godt kan brukast som undervisningsmateriale.
– Sjølv om den ikkje er ei typisk lærebok så passar mange av kapitla ypparleg i utdanningssamanheng. Særleg fyrste delen er didaktisk oppbygd med tanke på forsking, pedagogiske modellar og rettleiingsmodellar. Boka legg òg stor vekt på pasientperspektivet. Den belyser ulike pasientgrupper og helsepersonell sine erfaringar med helsekompetanse og mangel på tilrettelegging, forklarar Kvangarsnes.
Ho vil spesielt trekke fram eit kapittel som presenterer ein ny modell for pasientmedverknad, som ho trur har eit stort potensiale med tanke på vidare forsking. – Det spesielle med modellen er at den vektlegger betydinga av rammefaktorar, og det har det vore lite fokus på tidlegare. Den er kontekstuell og har nyansar. Det er ikkje alltid pasientmedverknad er relevant, til dømes i akutte situasjonar.
Kunnskapsoverføring
Boka undersøkjer helsekompetanse blant fleire pasientgrupper. I eit kapittel kan vi for eksempel lese om ein svensk professor, Stig Larsson, som har vore synshemma det meste av livet, og er no heilt blind.
Hole peiker på at artikkelen bygger på hans erfaringar om deltaking i studie- og arbeidsliv, og viktigheita av tilrettelegging. Han var både medforfattar og informant, og var veldig glad for å få formidla kunnskapen sin i ein vitskapeleg artikkel.
Utfordringane til Larsson synliggjer korleis ein kan styrke læring og deltaking i utdanning og arbeidsliv for synshemma i framtida.
Grunnlag for vidare forsking
Forfattarane har brukt mange arbeidstimar på det omfattande verket, som kan gi grunnlag for vidare forsking, og både kvalitative og kvantitative forskingsmodellar, og vidare samarbeid mellom HMR og NTNU. – Helsekompetanse, pasientmedverknad og berekraft er viktige område for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og helseføretak, uttrykker Hole og Kvangarsnes.
Dei fortel òg at dei har planar om eit boksleppseminar, mest truleg i november. Meir informasjon om dette kjem seinare.
This article is also available in English
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!