Ny forskingsgruppeleiar for AIMI
Ingrid Digernes tek over som forskingsgruppeleiar for AIMI (Artificial Intelligence in Medical Imaging), etter at tidlegare leiar Endre Grøvik gjekk inn som forskings- og utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal tidlegare i år. Digernes seier ho vil byggje vidare på et forskingsmiljø som allereie har markert seg både nasjonalt og internasjonalt.

Digernes kjem opphaveleg frå Åndalsnes, og flytta tilbake dit for fire år sidan. Der bur ho no saman med sambuar og tre born. Etter at ho var ferdig å studere fysikk og matematikk i Trondheim, flytta ho til Oslo og tok ein doktorgrad som handla om perfusjons-MR av hjernesvulstar. Deretter byrja ho på ein postdoc på CRAI (Computational Radiology and Artificial Intelligence) på OUS.
– Dei siste åra har eg arbeidd med djuplæringsmodellar og MR-avbilding. Heilt konkret har prosjektet mitt gått ut på å trene modellar som kan kombinerer både kliniske variablar og ulike MR-bilde for å predikere korleis der går med hjerneslagpasientar etter trombektomi (mekanisk fjerning av blodpropp), fortel Digernes.
Les også: Desse blir Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar
Vil byggje forskingsmiljøet vidare
Som ny forskingsgruppeleiar er Digernes oppteken av å skape vekst og vidareutvikle AIMI.
– Ambisjonen min er å finne relevante og spennande prosjekt som vi kan få finansiering til. Det vil gi oss moglegheit til å få fleire forskarar inn i gruppa, og samstundes styrkje og utvide tilknytinga vår til forskingsmiljø i inn- og utland, seier ho.
Digernes trekk fram at AIMI allereie har etablert eit solid fundament som det er naturleg å byggje vidare på.
Tverrfagleg samarbeid
For Digernes er samarbeid på tvers av fagmiljø ein avgjerande suksessfaktor. – Det er heilt essensielt. Sjølv om eg er heilt ny, er inntrykket mitt at vi har utruleg dyktige studentar og stipendiatar men at ikkje alle har like god innsikt i ein klinisk kvardag. Samstundes sit det sjukepleiarar, radiografar, radiologar og andre faggrupper med verdifull erfaring som ikkje nødvendigvis har oversikt over kva slags problem som kan løysast ved hjelp av kunstig intelligens.
Ho ønsker difor å etablere møteplassar der teknologar og klinikarar kan bli betre kjende meir kvarandre og kvarandre sine arbeidsdagar.
– Det kan vere alt frå korte og uformelle samlingar til meir faglege seminar. Målet er å skape nye idéar, byggje relasjonar og leggje grunnlag for forskingsprosjekt som kan kome både pasientar og helsetenesta til gode, avsluttar Digernes.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningssrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.