Presenterte HMR-forsking på internasjonal konferanse i Sør-Korea
Åse Turid Rossevatn Svoren deltok nyleg på den internasjonale konferansen ISIR 2026 i Busan i Sør-Korea, der ho presenterte forsking frå PRERISK-prosjektet.

Ph.d.-stipendiat og overlege ved Ålesund sjukehus, Åse Turid Rossevatn Svoren, håpar at prosjektet hennar kan bidra til ein betre forståing av svangerskapsforgifting, og meiner det er viktig å syngleggjere forsking frå Helse Møre og Romsdal.
ISIR-kongressen i Busan har reproduktiv immunologi som fagfelt. Hovudtemaet i år var "Global Dialog on Population Balance and Women's Health through Reproductive Immunology".
– Det var kjempespennande å få kombinere jobb med nokre dagar i Sør-Korea, eit land og ein kultur som er langt borte frå vår verd på mange måtar. Det var også veldig kjekt at forskinga vår vart rekna som så aktuell at vi fekk presentere ho munnleg på ein internasjonal konferanse som er spissa på immunologi og reproduksjon, seier Svoren.
Ho var den einaste deltakaren frå Helse Møre og Romsdal, men reiste saman med ein kollega frå forskingsgruppa ved NTNU.
– Vi fekk knytte faglege kontaktar med leiande ekspertar på feltet, og ser fram til å vere med og bidra vidare i denne viktige forskinga, seier ho.
Les også: Nytt forskingsprosjekt med forkus på å redusere svangerskapsforgifting
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.