Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

Tankevekkjande føredrag om kreftens gåter og morgondagens behandling

Det var fullt hus på Die Tankstelle i Molde tysdag kveld då onkolog og forskar Eli Sihn Samdal Steinskog inviterte publikum med på ein prat om kreft, kreftforsking og kreftbehandling. Arrangementet var ein del av føredragsserien «Peiling på», og engasjementet viste at kreft er eit tema som rører ved mange.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 23.09.2026
En person som står ved en talerstol
Eli Sihn Samdal Steinskog på scena. (Foto: Tone Seim Fuglset/HMR)

Eli Sihn Samdal Steinskog har tidlegare vunne prisen som Årets onkolog 2025 av Norsk Onkologisk Foreining, og har stor formidlingsevne. Ho tok publikum med på eit komplekst fagfelt på ein måte som gjorde det forståeleg for alle. Steinskog forklarte kva som skjer i cellene når kreft oppstår, korleis friske celler gradvis kan miste kontrollen over eigne funksjonar, og kvifor kreft framleis er ei av dei største medisinske utfordringane vi står overfor.

Kva skjer når cellene gløymer seg sjølve?

Eit bilete som festa seg hos mange i salen var forklaringa om at kreftceller «gløymer kven dei er». Gjennom denne metaforen gjorde Steinskog det lettare å forstå korleis kreftcellene som normalt held cellene på rett spor, og i staden byrjar å vekse og dele seg ukontrollert.

Under føredraget løfta ho også fram eit perspektiv som set sjukdomen in i ein større biologisk kontekst. Steinskog siterte professor Baard-Christian Schem som skal ha sagt «Kreft er prisen vi betaler for å vere ein multicellulær organisme».

Eit ansikt bak ein diagnose

Ein av kveldens sterkaste sekvensar var samtalen med Elin Mordal, rektor ved Høgskulen i Molde, som lever med kreft som ikkje kan kurerast. Gjennom personlege erfaringar sette ho ord på korleis det er å leve med ein alvorleg diagnose over tid.

Samtalen gav publikum eit viktig brukarperspektiv, og minte om at kreft ikkje berre handlar om celler, genetikk og behandling, men om menneske, livskvalitet og kvardagar som blir snudde på hovudet.

På jakt etter nye svar

Mot slutten av foredraget retta Steinskog blikket mot framtida. Ho fortalde om forskinga på kreft med ukjent utgangspunkt, eit område ho sjølv arbeider med til dagleg. Publikum fekk også høyre om status for den nasjonale NorCUP-studien, som skal gi ny kunnskap om denne pasientgruppa og potensielt bidra til meir treffsikre behandlingar i framtida.

Prosjektet har fått betydeleg forskingsstøtte og representerer eit viktig bidrag til utviklinga av kreftbehandling i Noreg.

Les også: Molde-forskar tildelt 8 millionar til kreftstudie.

Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.