Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Vil gi nyfødde ein optimal start

I sin ph.d. undersøker jordmor Elisabeth Sæther om stabilisering av nyfødde med intakt navlesnor ved keisarsnitt er gjennomførbart, trygt og akseptabelt samanlikna med vanleg avnavlingspraksis.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 17.06.2025
En dame på et sykehusrom
Jordmor og stipendiat Elisabeth Sæther håpar at den nye metoden vil bidra til at også barn forløyst med keisarsnitt kan nyte godt av dei dokumenterte fordelane med sein avnavling. Foto: Tobias Lystad

Studien blir gjennomført ved Ålesund sjukehus, og vart nettopp presentert i den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta 

– Utgangspunktet for INTACT-prosjektet er kunnskapen om at det er ugunstig for nyfødde dersom navlesnora blir klipt tidlegare enn eitt minutt etter fødselen. Då vil barnet gå glipp av ei betydeleg mengde med blod frå morkaka. For premature er dette spesielt ugunstig. Men dersom barnet er dårleg eller prematurt og treng pustehjelp er det vanskeleg å unngå tidlig avnavling sidan både utstyr og personell som oftast er plassert eit godt stykke frå fødesenga eller operasjonsbordet, forklarar jordmor og stipendiat Elisabeth Sæther. 

Metodeutvikling og testing 

I INTACT-studien har formålet vore å utvikle og teste ein metode for stabilisering av nyfødde med intakt navlesnor ved keisarsnitt utan bruk av mobilt ustyr. 

 – Vårt kompromiss er å forløyse barnet – so vente eitt minutt – før morkaka blir forløyst utan å klippe navlesnora. Deretter blir barn og morkake flytta til eit gjenopplivingsbord (asfyksibord), og naudsynst hjelp blir gitt med intakt navlesnor. Dette er ein metode som fungerer i dei fleste settingar og utan bruk av  mobilt utstyr, seier Sæther. 

En nyfødt baby med intakt navlesnor
Sein avnavling inneber å vente nokre minutt etter fødselen med å klippe navlesnora. Her har den blitt kvit og slutta å pulsere. Foto: Elisabeth Sæther.

Prosjektet har vore delt inn i to fasar. I den første fasen oppsummerte forskarane kunnskapsgrunnlaget for metoden. Deretter var det gjennomført simulering med involvert personell (testing av metoden på realistisk vis), for å sjå om den kunne fungere i praksis. Deretter vart metoden pilottesta i ei lita gruppe.

I fase to testa dei gjennomførbarheit og sikkerheit i ei større gruppe, og samanlikna med ei historisk kontrollgruppe der sein avnavling (1-3 minutt) var vanleg praksis.

Trygg metode 

Funna frå pilot-studien er no publisert i tidsskriftet BMC Pregnancy and Childbirth 

– I denne artikkelen blir utviklinga av sjølve intervensjonen presentert I tillegg gjennomførte vi ein pilottest i ein populasjon på 29 barn forløyst med keisarsnitt til termin. Primærutfallet var gjennomførbarheit (antal vellukka intervensjonar), mens sekundærutfall var sikkerheit for mor og barn. Vi inviterte også helsepersonell til å svare på ei spørreundersøking om deira erfaring med metoden samanlikna med standard behandling, som er sein avnavling, forklarar Sæther. 

Vidare fortel ho at tilbakemeldingane frå involvert personell blei summert i «lessons learned» og brukt til å revidere protokollen (metode-beskrivelsen) for vidare testing. Viktige moment her var betre bevaring av sterilitet i  operasjonsfeltet og auking av romtemperaturen på operasjonsstova for å unngå nedkjøling av dei nyfødde, seier Sæther. 

INTACT-2 involverte barn fødd mellom svangerskapsveke 32 og 42. Her blei det også målt gjennomførbarheit og sikkerheit, men i ein mykje større skala. Resultata viser at metoden ikkje er dårlegare enn standard praksis, i tillegg til å vere gjennomførbar og trygg.  

– Den blei gjennomført i 98,4 prosent av tilfella. For mødrer var det ingen forskjell i utfall. Vi såg etter alvorlege blødingar og førekomst av infeksjon i operasjonssåret etterpå. Der var det ingen forskjell mellom gruppene. Hos barna fant vi langt færre med lav 5-minutts Apgar score (Apgar er ein skala for vurdering av vitalitet) og tidlig avnavling i intervensjonsgruppa, seier Sæther. 

På framsida 

Sæther har òg vore involvert i ein review-artikkel ho har skrive saman med forskarar i andre land som også undersøkjer sein avnavling. Den oppsummerer kunnskap om fordelane med sein avnavling og gir moglege forklaringar på korleis dette kan redusere dødeligheit og behov for blodtransfusjoner for denne gruppa.  

– Artikkelen blei valt ut til å vere på framsida av mai-utgåva i det internasjonale tidsskriftet Children, med tilhøyrande cover-story, så det er sjølvsagt stas, seier Sæther. 

Neste steg 

No ventar Sæther på å få publisert INTACT-3-studien, der dei har samla inn data om friske nyføddes hjarteaksjon frå få sekund til 10 minutt etter forløysing med keisarsnitt (med INTACT-metoden).  

- Vi har brukt desse til å lage ei referansekurve for puls, og sett på om pulsen blir påverka av f. eks. forløysing av morkaka, prøvetaking frå navlesnora eller sjølve avnavlinga. 

Til slutt vil ho gi ein honnør til dei ulike faggruppene for alle gode forslag.  

– Utan dei hadde vi ikkje kunne gjennomføre dette prosjektet. Forhåpentlegvis har vi gjort ein forskjell, og kan inspirere andre sjukehus til å endre praksis slik at fleire nyfødde kan tilbys fordelane med sein avnavling. 

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!