Utlysing av interne midlar HMR

Såkornmidlar

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF vert det lyst ut interne forskingsmidlar.

NY utlysing såkornmidlar (pr. desember 2023)

Seksjon for forsking og innovasjon lyser nå ut såkornmidlar i kategori 1-5.  Du kan søke om støtte på inntil 250 000 kroner (søknadsramme 1 000 ​000 kroner). 

  • ​Søknadsfrist kategori 1-5: onsdag 31.januar 2024 (kl. 2359)
    Kategori 6-8 har løpande søknadsfrist. 

    Du kan søke med planlagt oppstart f.o.m. veke 10.
    Midlane skal brukast i 2024, og i tråd med budsjettet som følger med søknaden. 

    Sjå link til søknad lengre ned på sida. 

Søknadane vil bli vurdert av Innstillingsrådet HMR og ekstern evaluator. Søkar må vere tilsett i minst 50% stilling i Helse Møre og Romsdal.

Du kan søke på: 

  • Kategori 1 - skrive artikkelutkast
  • Kategori 2 - skrive protokoll til ph.d.- eller postdoktorsøknadar
  • Kategori 3 - skrive søknadar til forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 4 - dekke upårekna utgifter i oppstart av, eller undervegs i ph.d.-, postdoktor-, forskings- eller innovasjonsprosjekt
  • Kategori 5 - dekke utgifter i samband med m.a. forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar, nettverksmøter, utenlandsopphald, organisering av større seminar inkludert utgifter til eksterne føredragshaldarar - gjerne med internasjonal målgruppe. *

​*I samband med reise/ kurs o.l. kan du søke refusjon av utgifter til mat/kost, men vi refunderer kun basert på kvitteringar (2024-sats, ref: Statens reiseregulativ).  Du vil ikkje få refusjon for matutgifter uten å ha kvitteringar.

Vi har løpande søknadsfrist i kategoriane 6-8:

  • Kategori 6 - Utgifter i samband med publisering ("Open access", korrekturlesing m.m. - inntil 30 000,-)
  • Kategori 7 - Utgifter i samband med presentasjon av forsking på konferansar (inntil 30 000,-)
  • Kategori 8 - inntil 2 måneder frikjøp for å skrive kappe/sammenskriving til ph.d.-avhandling (inntil 2 månedslønner)
OBS: Viktig at søkar oppfyller krava til søknad som er lista opp, m.a. obligatoriske vedlegg.  Sjå krav til søknadar nedanfor.

For søknad om støtte til forskingsprosjekt som allereie har driftsmidlar skal det framkomme tydeleg av budsjett korleis dei omsøkte utgiftene ikkje allereie er dekka

Klikk her for å fylle ut og sende inn søknad om såkorn​midlar 

(krev innlogging på HelseMidt-nett)


Spørsmål?
Kontakt Seksjon for forsking og innovasjon på forsking@helse-mr.no

Artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (sjå meir informasjon under kat. 6 og 7)
Rettleiar/mentor bør ha forskarkompetanse (ph.d.-nivå)

Hugs å legg ved:

  • Prosjektsøknad med tidsline (framdriftsplan)
  • Budsjett
  • Permisjonsstøtte frå seksjons-/avdelingsleiar og klinikksjef (ein kopi av e-post er tilstrekkeleg)

Se eksempel på GANTT-skjema her:
(det kan være et separat vedlegg til prosjektbeskrivelsen):

Hugs å legg ved: 

  • Kortfatta søknad og kostnad
  • Utkast av artikkel (gjeld for kategori 6)


Særskild krav for søknadar om å dekke utgifter til open access 

Nasjonalt er det forhandla fram avtalar med ulike forlag som enten gir rabatt på publiseringsavgifta ved open access eller at avgifta fell heilt bort. Sjå meir info på openscience.no.

Dersom du har ei tilknyting til ein utdanningsinstitusjon gjennom ​​t.d. phd-opptak eller kombinert stilling du sjekke om du får redusert avgift gjennom deira eksisterande avtalar før du søker såkornmiddel. Du kan nytte deg av avtalane sjølv om du skal kreditere både utdanningsinstitusjonen og helseføretaket i publikasjonen.


Arbeidet skal krediterast HMR etter gitte kriterium:

Utanlandske tidsskrift: Kristiansund / Molde / Volda / Aalesund Hospital, Møre and Romsdal Hospital Trust, Norway

​Norske tidsskrift: Kristiansund / Molde / Volda / Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF

Beskjed skal sendast til forsking@helse-mr.no når artikkel er godkjend for publisering

Ask, Daniel,  Brukerrepresentant,  Brukerutvalet HMR
Berge, Guro, Utdanningssjef /Postdoktor, Fagavdelinga /NTNU
Eriksen, Beate H., Seksj.overlege pediatri/ Førsteamanuensis II,  Klinikk Ålesund /NTNU
Fuglset, Tone S., Postdoktor/Forskningsrådgjevar, Klinikk psykisk helse og rus/ Fagavdelinga
Hagen, Kristen, Psykologspesialist/Førsteamanuensis, Klinikk psykisk helse og rus/NTNU
Hoff, Dag Arne L., Overlege gastroenterologi/ førsteamanuensis, Klinikk Ålesund, NTNU, Fagavdelinga
Hoff, Solveig Roth, Seksjonsoverlege radiologi/Førsteamanuensis, Klinikk for diagnostikk/NTNU
Kvangarsnes, Marit, Professor NTNU/ Forskingsrådgjevar, NTNU Ålesund / HMR
Lian, Øystein B., Overlege ortopedi/Førsteamanuensis, Klinikk SNR/ NTNU
Lund, Jo-Åsmund, Overlege onkologi/Førsteamanuensis, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU Ålesund
Morsund, Åse Hagen, Overlege nevrologi, Klinikk SNR
Sandvik, Jorunn, Overlege gastroenterologi/Gjesteforsker, Klinikk Ålesund /NTNU
Skorpen, Anna Carina, Overlege revmatologi/postdoktor, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU
Valderhaug, Vibeke, Phd/Forskingsrådgjevar, Fagavdelinga
Ytre-Hauge, Sigmund, Overlege radiologi,  Klinikk for diagnostikk ​​

Sist oppdatert 21.12.2023