Innsamling og lagring av data, rutiner for lydopptak

Innsamling av forskingsdata t.d. ved bruk av elektroniske skjema, løysingar for sikker lagring av data og rutiner for lydopptak.

Sikker innsamling og lagring av forskingsdata 

​HMR sitt forskingsområde
Prosjektleiar for forskingsprosjekt eller kvalitetssikringsprosjekt kan bestille eiga mappe på forskingsområdet til HMR (I:HMR-Forsking) for sikker lagring av forskingsdata eller kodelister. Oppretting av mappa hukar ein av for i punkt 2.9 i søknadsskjema til personverngruppa (DAC), kor ein òg skriv inn kven som skal ha tilgang til mappa.
Mappe vert ikkje oppretta før etter at DAC har godkjend prosjektet. 

Sjå EQS (ID57200), eller kontakt Seksjon for forsking og innovasjon (forsking@helse-mr.no) for meir informasjon.

Helseforskingsportalen
Her finn du ei oversikt over løysingar for innsamling av forskingsdata med godkjente risikovurderingar for Helse-Midt Norge, være det seg sensitive data, biologisk materiale, spørjeskjema osv. Dette gjeld eFORSK, WebCRF3, BIOBYTE, Tenestar for Sensitive data (TSD), HUNT Cloud og Helse Midt-Norge Server.

eFORSK: HMR har superbrukarar som kan hjelpe med oppsett i eFORSK, ta kontakt på forsking@helse-mr.no for meir info

Sjå helseforskingsportalen si nettside for meir informasjon om kvar enkelt løysing.

TSD - Tjenester for Sensitive Data (UiO)​
Nasjonalt godkjent lagringsløsning TSD ved UiO ​ -  Sjå nettside

Sjå også steg-for-steg rettleiing for oppsett av TSD-konto for eit forskingsprosjekt i HMR:
Rettleiing steg for steg - TSD.pdf


Andre lagringsmoglegheiter som godkjennast av DAC ved kvart enkelt høve

  • ​NICE-1, ei intern lagringsløysing for studentar og tilsette ved NTNU


Liste med godkjente betalingsløysingar for lagring av forskingsdata

Rutiner for lydopptak 

Lyd- og videoopptak inkluderer betydelege mengder personidentifiserbare data, så her må forskaren etablere forsvarlige rutinar for datasikkerheit. Slike data skal lagrast, handteras og destrueras i tråd med gjeldande lover og forskrifter.

Til dømes bør lyd- og tekstfiler krypterast ved lagring og overføring, og personnamn umiddelbart anonymiserast ved transkripsjon. For å førebygge spreiing av sensitive data, og hindre at verdifulle bidrag ikkje går tapt, skal lagringsmedia sikrast forsvarleg (oppbevarast i låst skap på eit låst kontor).

Henta frå NEM sine retningsliner


DAC HMR gir disse råda som standard til forskarar ved bruk av lydopptak:

  • Det skal brukast eigna opptaksmedium – t.d. dedikert opptaksutstyr / diktafon eller godkjend elektronisk versjon som appen Nettskjema 
  • Opptak skal overførast til sikker lagringsplass straks etter opptak, og opptaket skal då slettes frå opptaksmediumet. 
  • Transkribering skal gjerast frå opptak som er lagra på sikker lagringsplass, og alt analysearbeid må også gjerast på denne serveren/ mappa.

    ​



Sist oppdatert 02.06.2022