Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemidlar eller andre behandlingsmetodar, men òg for å undersøke korleis medikament omdannast i kroppen og om biverknader er akseptable.
Her finn du meir utdjupande informasjon om kliniske studiar, korleis du kan delta i ein klinisk studie, og potensielle ulemper og fordelar med å delta i slike studiar.

Oversikt over kliniske studiar
Kliniske studiar kan vere alt frå utprøving av nye legemidlar, trenings- og rehabiliteringsprogram, kirurgiske metodar, spesielle diettar, eller bruk av medisinsk utstyr.
Her finn du ein oversikt over kliniske studiar. Du kan også filtrere studiar som Helse Møre og Romsdal er deltakande eller forskingsansvarleg institusjon for.

Klinisk Forskingspost og BioBank1
Klinisk Forskingspost HMR (populært kalla «Forskingsposten») opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa og tilbyr brei klinisk forskingsstøtte.
Her finn du informasjon om Klinisk Forskingspost og kva tenester vi kan tilby deg dersom du planlegg ein klinisk studie men mangler studiehjelp, utstyr og lokale.

Forsking og innovasjon
Kliniske studiar skal vere eit bidrag for å auke forsking og innovasjon på det regionale, nasjonale og internasjonale nivå.
Forsking og innovasjon i Helse Møre og Romsdal skal bidra til ny kunnskap om helse og sjukdom, og auke kvaliteten på behandlinga pasienten får.

Samarbeidande aktørar knytt til kliniske studiar ved HMR
Helse Møre og Romsdal samarbeider med fleire interne og eksterne partnarar og bedrifter for å kunne tilby pasientar ved alle medisinske avdelingar og klinikkar ved sjukehusa utprøvande behandling.

Relevante ressursar og organ
- Forskingsutvalet
Forskingsutvalet (FU) i Helse Møre og Romsdal (HMR) er eit rådgjevande organ for forskingsstrategiske spørsmål.
- Samarbeidsorganet i Møre og Romsdal
Det lokale samarbeidsorganet (LSO) har ein rådgjevande funksjon i saker innan forsking, utdanning og innovasjon. Organet er eit samarbeid mellom HMR, brukarutvalet, universiteter og høgskuler i regionen.
- Personvernombod for forsking
Personvernombodet skal informere og gi råd om dei pliktene helseføretaket har etter personvernlovgivinga, og gi informasjon til dei tilsette som utfører behandling av personopplysningar.
Sist oppdatert 07.08.2023