Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein kvalitativ studie om kommunelegens rolle under koronapandemien

Som del av eit felles forskingsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU og Brukarutvalet, og i samarbeid med kommunane i fylket, har delprosjektet knytt til krisesamarbeid nyleg fått publisert ein kvalitativ studie om kommunelegane si rolle under covid-19 pandemien i Tidsskriftet for Den Norske legeforening.

Publisert 11.11.2022
Illustrasjon stetoskop og PC

Formålet med studien var å undersøke kva for rolle kommunelegane hadde under pandemien i den kommunale kriseleiinga. 

Studien viser at kommunelegane var sentrale aktørar i kriseleiinga som faglege premissgivarar og koordinatorar. Gjennom sin samfunnsmedisinske kompetanse ser det ut til at kommunelegane fekk større betyding under covid-19, med tilgang til sentrale avgjerdsarenaer og nettverk.

Artikkelen kan lesast i si heilheit her (Tidskriftet Den Norske legeforening)​​


For ytterlegare informasjon om forskingsprosjekta kan du klikke deg inn på boksa under.

Forskingssamarbeid om covid-19

Felles forskingsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU og kommunane i fylket
Les om forskingssamarbeidet her
Illustrasjon samarbeid