Tid og stad
- Når
-
- 26. nov. 2025, 09:30 - 15:00
- Arrangør
- Fagleg samarbeidsutval (FSU) for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i Møre og Romsdal.
- Kvar
- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
- Auditoriet, ved hovudinngangen i 2. etasje.
- Påmelding for kommunane
-
Frist for påmelding: 17. nov. 2025
Påmelding for tilsette i kommuane
Målgruppe
Alle som jobbar med gravide, fødande, barselkvinner, nyfødde og deira familiar i kommunar og spesialisthelsetenesta. Det vil vere jordmødrer, helsesjukepleiarar, sjukepleiarar, barnepleiarar, kommunelegar, samhandlingslegar, leiarar og andre aktuelle
Påmelding
- Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
- Tilsette i kommunane melder seg på via letsreg.com og betaler ein kursavgift på kr. 225,- ved påmelding.
Ved matallergi
Ved matallerig, ta kontakt med arrangør på e-post: Elin.Johanne.Hansen.Ytterbo@helse-mr.no
Program
09.30-10.00: Oppmøte/registrering
10.00-10.10: Velkomen/informasjon om arbeidet i FSU v/Elin Ytterbø (leiar) og Ann-Elin Stenberg (nestleiar)
10.10-11.05: Amming og ammeveiledning – foreldre- og profesjonserfaringer v/Ingvild Lande Hamnøy, helsesjukepleiar og Ph.d.-stipendiat NTNU Ålesund
11.05-11.20: Pause
11.20-12.15: Ingvild Lande Hamnøy fortsetter
12.15-13.00: Lunsj og mingling
13.00-13.35: Psykiske utfordringar i svangerskap og barseltid v/Renate Pedersen, sosionom og leiar for Barneblikk Ulstein
13.35-14.10: Oppfølging av sårbare foreldre i sårbare livssituasjonar – erfaringar frå Ulstein kommune
14.10-14.25: Pause
14.25-14.55: Informasjon/nyheiter frå føde-barselseksjonane i HMR
14.55-15.00: Oppsummering og avslutning v/Ann-Elin Stenberg
Om fagdagen
Fagdagen er forankra i Handlingsplan for Fagleg samarbeidsutval for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i Møre og Romsdal og er ein årleg samhandlingsarena for kommunale tenester og spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. I tillegg til kompetansebygging vil formålet med fagdagen vere at vi løftar blikket og saman møter dei utfordringane som ventar innan vårt fag- og tenesteområde.