Partnarskapsmøte i mai
Den 10. mai 2023 blei Partnarskapsmøte mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal gjennomført på Scandic Alexandra hotell i Molde. Partnarskapsmøte er det øvste utvalet i samarbeidsstrukturen helsefellesskap Møre og Romsdal. Her møtast leiarar i helseføretaket og kommunedirektørar, ordførarar og kommunalsjefar utpeikt av dei fire interkommunale politiske råda.
Formålet med Partnarskapsmøte er å vere ein møteplass for å utvikle helsetenestene til det beste for befolkninga i Møre og Romsdal, herunder å informere om utfordringar, skape ei felles forståing og forankre strategi for å løyse felles utfordringar.
Fastlege og praksiskonsulent Thilde Svela innleia godt og balansert til diskusjon på korleis ein saman betre kan handtere stort press på helsetenestene inn mot høgtider, ferier og bølgjer med covid og influensa.
Elles vart årsrapporten for helsefellesskapet i Møre og Romsdal godkjend og konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Heidi Nilsen, og kommunedirektør i Ulstein kommune Verner Larsen, gav ei kort orientering om utfordringsbilete sett frå høvesvis helseføretaket og kommunane si side.
Til slutt vart to samarbeidsprosjekt presentert som gode døme på nye måtar å jobbe på. Dette er Pasientsentrert helsetenesteteam i Ålesund (PSHT Ålesund) og Digitalt heimesjukehus ved Neonatal intensiv ved Ålesund sjukehus . Du kan lese meir om desse prosjekta ved å følgje lenkene i teksten.