Helsefellesskap Møre og Romsdal

Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar.

Helsefellesskap - oversikt
Struktur Helsefellesskap Møre og Romsdal

Helsefellesskap Møre og Romsdal er ei vidareutvikling av samarbeidsavtalen og samarbeidsstrukturen mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane i fylket med verknad frå 2021. Prinsippa bygger på avtale om helsefellesskap som blei inngått mellom regjeringa og KS hausten 2019. Det er ei forventing om å utvikle samarbeidet til partnarskap for å nå mål om meir samanheng og berekraft i helsetenestene.
Samarbeidsavtale og retningslinjer

Informasjon om honorering av brukarrepresentantar og fastlegar

Samhandlingsnytt

  • En gruppe mennesker som står på en stein og ser på vannet
    27. november 2023
    Delta på digital årskonferanse om barn og unge

    Faglig samarbeidsutvalg for barn og unge arrangerer digital årskonferanse 30. november.

  • Menn som sitter ved et bord
    21. november 2023
    Utvida samarbeidsmøte i Helsefellesskapet Møre og Romsdal

    Den 14. november 2023 vart det halde utvida samarbeidsmøte/dialogmøte mellom toppleiarar i helseføretak og kommunar på Quality Hotell Ålesund. Det var om lag 80 deltakarar på samlinga. Føremålet med utvida samarbeidsmøte er å vere ein møteplass for å utvikle helsetenestene til det beste for befolkninga i Møre og Romsdal, herunder å informere om utfordringar, skape ei felles forståing og forankre strategi for å løyse dei felles utfordringane.

  • En gruppe mennesker
    14. november 2023
    Kva for implikasjonar har Nasjonal helse- og samhandlingsplan for forsking på helsetenestene?

    Nasjonal helse- og samhandlingsplan i eit forskingsperspektiv var årets tema for Helsetjenesteforskningskonferansen som vart arrangert i Stavanger 2. og 3. november 2023. Ein sentral ambisjon i planen er gode pasientforløp og likeverdige tenester på tvers av landet.

Sist oppdatert 29.06.2023