Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

"Råbra" av Vanylven kommune

Ved møte i Lokalt samarbeidsutval ved Volda sjukehusområde (LSU Volda) i november fekk Vanylven kommune ved kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal overrekt eit råbrakort fordi dei har medverka på ein positiv måte som fortener merksemd.

Publisert 18.12.2023
En person som holder en presentasjon
Kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal i LSU møte.

Kva var råbra?

Vanylven kommune har valt å vere pilotkommune for fullskala innføring av Helseplattformen som ei av dei første kommunane i landet. Dei har gjort eit modig val trass motstanden og kommunen bidreg med sitt engasjement å vidareutvikle systemet som på sikt vil gi betre informasjonsflyt på tvers av tenestene og høve til større medverknad frå brukarane. LSU Volda og kommunane i Sjustjerna (dei sju kommunane på Søre Sunnmøre) er takksame for at Vanylven kommune tek ein for laget og testar ut slik av dei andre kommunane kan hauste av deira erfaringar.

Om Råbra

Råbra er eit skriftleg meldesystem som løftar fram det positive. Det er viktig å lære av feil og avvik men ein skal også lære av det som går bra. #Råbra eller Råbrakort er eit prosjekt som vart utvikla ved Universitetssjukehuset Nord-Norge og har vore tatt i bruk ved mange ulike sjukehusavdelingar og klinikkar i landet og Helse Møre og Romsdal i ei lengre periode. Også fleire kommunar har kopla seg på, der i blant Sjustjerna. Meldesystemet bygger på ein kultur for positive tilbakemeldingar i kontrast til tradisjonelle avvikssystem.

Tekst, brev

Teksten på Råbrakortet til Vanylven kommune skildrar kvifor dei fekk tildelt den positive merksemda.

Les meir om Råbra her frå Idébanken

 

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker