Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlingskonferansen 2025

Krafta i helsefellesskapet - når helsa og omsog skal byggast saman!

7.
november
2025
  1. 07. nov. 2025

Tid og stad

Når

  1. 07. nov. 2025

Kvar

Bystyresalen, Ålesund kommune.

Framover må våre felles helse- og omsorgstenester vere berekraftige, fleksible og meir samordna enn i dag. Skal vi lukkast, må vi tore å rive, forenkle og bygge på nytt – med pasienten først, ikkje systemet. Radikal transformasjon handlar om å møte behova tidlegare, nærare og med enklare løysingar – før dei veks seg store og komplekse. Dette krev eit tankesett som skiftar retning: frå institusjon til førebygging, frå silo til flyt, frå vanetenking til tiltak som verkeleg gir effekt.

Samhandlingskonferansen 2025 samlar aktørar frå helsefellesskapet og heile Møre og Romsdal for å løfte blikket – og gå i djupna på korleis vi saman møter store utfordringar i helse- og omsorgstenestene.

Målgruppe for samhandlingskonferansen

  • Partnarskapsmøtet og Strategisk samarbeidsutval, inkludert Statsforvaltar og Pasient- og brukarombod.
  • Leiar og nestleiar i faglege samarbeidsutval.
  • Styret i Helse Møre og Romsdal, direktørar, klinikksjefar, avdelingssjefar.
  • Ordførar/leiarar hovudutval helse og omsorg, kommunedirektørar, kommunalsjefar, kommuneoverlegar.
  • KS Møre og Romsdal.
  •  NAV Møre og Romsdal.
  • Utdanningsinstitusjonane i fylket.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Tillitsvalde fylkesnivå.

To hovudtema for konferansen

  1. Helse- og omsorgsberedskap i eit samhandlingsperspektiv som ledd i totalberedskapen. - Når kriser oppstår må vi handle raskt og samla.
  2. Radikal transformasjon i helse- og omsorgstenestene framover. Skal vi halde fram med å gi tenester og hjelp som verkar, må vi omstille
    - klokare, tidlegare og saman.

Dagen vil kombinere faglege innspel, dialog og refleksjon.

Hald av datoen! Meir detaljert program vil kome. 

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker