Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Menneskefigurer som hopper over en bro sammen

Samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen - SAMOPP

Prosjektet "Samhandlingsoptimalisering med Helseplattformen" er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Målet er å styrke samhandlinga mellom aktørane i helsetenesten og sikre heilskaplege pasientforløp ved hjelp av Helseplattformen – ein felles digital plattform for heile Midt-Norge.

Overordna mål for SAMOPP

Prosjektet skal bidra til at kommunane og Helse Møre og Romsdal tilbyr heilskaplege pasientforløp og berekraftige helsetenester til pasientar med samansette behov.

Dette skal gjerast ved å sørgje for optimale, gode og riktige arbeidsprosessar og overgangar, felles innsats og utnytting av potensialet i Helseplattformen.

Prosjektet si målgruppe er helsepersonell og innbyggar i Møre og Romsdal.

  1. Betre bruk av Helseplattformen som samhandlingsarena.  
  2. Klare ansvarslinjer og standardiserte pasientforløp.
  3. Redusert dobbeltarbeid og ikkje-verdiskapande aktivitetar. 
  4. Redusert risiko for feil og pasientskade.
  5. Auka innbyggar- og pasientinvolvering.

 

Dette er et prosjekt som går over to år, og som er tenkt delt inn i faser. Dei tentative leveransane knytt til kvar fase er lista opp under.  

Fase 1 – Oppstart og innsikt 

Oppstart 
  • Etablering av prosjekt, inkludert utforming av prosjektplan og andre prosjektdokument (Interessantoversikt, kommunikasjons- og framdriftsplan risikovurdering mv) 
  • Utarbeiding av gevinstmål og etablering av nullpunkt. Her skal ein sjå til, og koordinere seg med gevinstteamet i Helseplattformen. 
  • Kort og enkelt matreale til orientering om prosjektet i organisasjonane og til interessentar 
  • Forankring og kommunikasjon av prosjekt i relevante fora i dei involverte organisasjonane, samt i helsefellesskapet, strategisk samarbeidsutval mv 

 

Innsikt og avklaring 
  • Sikre innsikt og avklaring knytt til kva for pasientgruppe ein skal starte arbeidet med - vedtatt skrøpelege eldre (over 75 år).  
  • Opprette kontakt med prosjekt og initiativ som grensar til dette, og avklare korleis ein kan utfylle kvarandre for best mogleg heilskapleg resultat 
  • Avklare kva rolle sjukehusa og kommunane skal ha i prosjektet, til dømes korleis ein skal samarbeide om tiltak og teste ut ulike tiltak 

 

Fase 2 – Dagens pasientforløp og utarbeiding av tiltak 

Dagens forløp 
  • Identifisere pasientcase som eignar seg for generisk framstilling av dagens pasientforløp for til dømes pasientgruppa eldre multisjuke. Jfr. framtidsretta-pasientforlop-for-den-eldre-multisjuke
  • Framstilling av dagens pasientforløp for den utvalde pasientgruppa i dei tre arbeidsstraumane. Spesielt fokus på arbeidsprosessar knytt til overgangar og dokumentasjons- og kommunikasjonsflyt mellom kommune- og spesialisthelsetenesta helseføretaket og tre ulike kommunar 
  • Oversikt over område i dagens pasientforløp som bidreg til dårleg pasientoppleving, dobbeltarbeid, risiko for feil og plunder og heft i kvar arbeidsstraum 

 

Utarbeiding av tiltak 
  • Utarbeiding av ideelt pasientforløp og arbeidsprosessar i Helseplattformen, knytt til overgangar og kommunikasjon mellom kommune- og spesialisthelsetenesta for til dømes eldre multisjuke eldre. Pasientforløpet skal være så likt som mogleg på tvers av kommunane.  
  • Skilnaden mellom dagens pasientforløp i dei ulike kommunane og det framtidige felles pasientforløpet dannar grunnlag for tiltak og ein innføringsplan for den enkelte kommune og sjukehus 
  • Tiltaka må mellom anna vurderast med omsyn til økonomiske konsekvensar for partane 
     

Fase 3 - Innføring av tiltak 

  • Stegvis innføring av tiltaka i dei ulike arbeidsstraumane. Dette betyr at ein kan starte innføring av enkelte tiltak før andre, og på denne måten sikre framdrift og justere vidare plan og tiltak ihht det ein lærer.  
  • Kontinuerleg læring mellom arbeidsstraumane om mellom tiltaka som vert innført 
  • Løpande vurdere gevinstar med innføringane, og evt la resultata påverke det vidare arbeidet i prosjektet. 
     

Fase 4 – Utarbeiding av rettleiar 

  • Utarbeiding av rettleiar, inkludert malar og arbeidspakkar for utarbeiding av tilsvarande arbeid med andre pasientforløp i framtida. Rettleiaren skal innehalde gjennomføringsmetode for kvart av stega, samt lenke til verktøy, malar etc som kan være til nytte 
     

Fase 5 – Avslutning og tilråding 

  • Oppsummering av erfaringar etter arbeidet, inkludert erfaringar knytt til samarbeidet mellom aktørane i prosjektet 
  • Sluttvurdering av prosjektet si gevinstrealisering i samarbeid med Helseplattformen sitt gevinstteam 
  • Tilråding til struktur for vidare arbeid med heilskaplege pasientforløp i Møre og Romsdal helsefellesskap. I henhold til og som tilføying til: Dokument «Regional metodikk for standardiserte pasientforløp i Helse Midt-Norge», 
  • Utarbeiding og presentasjon av sluttrapport i eigna fora 

  • Eit samarbeidsprosjekt mellom kommuner og foretak på Helseplattformen
  • Varigheit: 2 år, oppstart 5. mai 2025
  • Rekrutterings- og samhandlingstilskot i Helsefellesskap Møre og Romsdal
  • Prosjekt delt inn i ulike faser, iterativ tilnærming

Prosjekteigar: Helge Storøy, avdelingsleiar e-helse og teknologi, HMR
Prosjektleiar: Katrine Skrede Mortveit

Prosjektgruppe:  

  • Helse Møre og Romsdal: Thorleif Jansen, Unni Irene Arnestad 
  • Kristiansund kommune: Janne Marthe Viddal: avdelingsleder, Helseplattformen drift og forvaltning
  • Molde kommune: Monica Berg/Sindre Bergquist: Systemkoordinator
  • Ålesund kommune: Ann Elin Melbø Myklebust: verksemdsleiar, Ann Kristin Røyset: Prosjektleiar
Styringsgruppa for SAMOPP
Namn: Rolle:

Synnøve Vasstrand Synnes 

Kommunalsjef Ålesund kommune 

Siv Iren Stormo Andersson 

Kommunalsjef Kristiansund kommune 

Tanja Thalen 

Kommunalsjef Molde kommune 

Silje Liepelt 

Kommunalsjef Aukra kommune 

Svein Berg Rusten 

Kommunalsjef Volda kommune 

Torill Skorpen 

Representant for USHT Møre og Romsdal 

Elisabeth Siebke 

Klinikksjef Ålesund sjukehus 

Øyvind Nytun 

Klinikksjef Volda sjukehus 

Brit Rakvåg Roald 

Klinikksjef SNR, Hjelset og Kristiansund 

Erik Ganesh Søegaard 

Fagdirektør 

Helge Storøy 

Direktør e-helse og teknologi 

Odd Arne Maridal 

IKT sjef, møter for Helge Storøy 

Eli Otterlei 

Samhandlingssjef 

Katrine Skrede Mortveit 

Prosjektleiar Samhandlingsoptimalisering HP 

 

Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket. Her finn du partnarskapsmøtet, strategisk samarbeidsutval, lokale samarbeidsutval og 12 faglege samarbeidsutval.
Gå til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Illustrasjonsbilde puslebrikker
Sist oppdatert 23.09.2025