Meld eit samhandlingsavvik

Dette er eit skjema der kommunar og fastlegar kan melde frå om samhandlingsavvik til Helse Møre og Romsdal HF

Brot på  samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal eller tilhøyrande retningsliner kan meldast som samhandlingsavvik. Også enkelthendingar der noko ikkje har fungert i samarbeidet, kan meldast som samhandlingsavvik. Føremålet er kvalitets- og forbetringsarbeid.

Når tilsette i kommunar eller fastlegar avdekker uønskte hendingar (brot på samarbeidsavtalen, retningsliner eller andre uønskte hendingar) i samhandlinga med helseføretaket.

Kommunale einingar innan helse og fastlegar kan bruke dette skjemaet.

For å få tilgang til skjemaet må du anten ha tilgang til enkelttenesta «Melding om samhandlingsavvik» eller ha tilgangspakken «helsetjenester m/personopplysninger av særlig kategori». Tilgang tildelast av Altinn hovudadministrator i eininga der du jobbar. 

Brukerveiledning finn du her: Altinn – Steg for steg‑guider.

Meir informasjon om tilgangspakkar finn du her: Altinn – Tilgangspakker (erstatter roller).

Sist oppdatert 24.03.2026