Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fastlegeportalen

Nye oppfølgingsrutinar for pasientar med revmatologisk sjukdom

Vi har behov for å endre oppfølgingsrutinane våre ved revmatologisk poliklinikk. Dette for å sikre at vi får inn dei «rette»/sjukaste pasientane til planlagde kontrollar når dei har behov for det.

Revmatologisk poliklinikk, Helse Møre og Romsdal
Publisert 21.03.2024
Sist oppdatert 22.03.2024

Endringa i oppfølgingsrutinane er særleg viktig i førebuingane til Helseplattformen, der vi ventar at kapasiteten ved poliklinikken blir redusert, men også for varig kapasitetsnedgang i forhold til framtidige behov. Vi har sett til revmatologisk poliklinikk ved St.Olavs hospital som har gode resultat med liknande rutinar, der både sjukehus, pasientar og fastlegar er fornøgde med oppfølginga.

Ny rutine for oppfølging av pasientar med revmatologisk sjukdom:

  • Dei pasientane som har ein stabil/velkontrollert revmatisk sjukdom og som står på medisinar som Methotrexate, Salazopyrin, Plaquenil og Arava, vil ikkje lenger bli kalla inn til fast kontroll hos oss. Dei vil få eit brev med informasjon om å fortsette med blodprøvekontrollar hos fastlege kvar 3.månad og beskjed om å bestille time for årleg kontroll hos fastlege. Dei blir også bedt om å ta kontakt med fastlege viss dei får aukande plager frå den revmatiske sjukdommen sin. Viss du som fastlege mistenker auka aktivitet i revmatisk sjukdom (som hovne ledd, auka smerteplager eller stigande CRP og SR.), kan du sjølvsagt tilvise pasienten tilbake til oss.

  • Pasientane som har moderat aktivitet i sjukdommen sin, og dei som har velbehandla revmatisk leddsjukdom på biologiske legemiddel, vil få tilbod om behovsstyrt oppfølging der vi ut frå digitale spørreskjema ser kven som har behov for time.

    Les meir om behovsstyrt oppfølging av pasientar med revmatologisk sjukdom

  • Pasientar som nyleg har fått ein revmatisk diagnose, pasientar som ikkje blir oppfatta å vera tilfredsstillande behandla eller som har ein meir alvorleg vaskulitt eller bindevevssjukdom, vil bli kalla inn til faste kontrollar hos oss.

Vi håpar at dette gjer at pasientane våre får kontrollane sine etter behov, på det tidspunktet dei er lova og at nytilviste kjem raskare til, utan fristbrot.