Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising til brystdiagnostikk og mammografi

Sjå gjeldande rutinar og adresser.

Publisert 13.01.2026

Tilvising av pasient med nyoppstått symptom i bryst

Tilvisinga skal sendast til:

  • Helse Møre og Romsdal HF Brystdiagnostikk (Ålesund), HERID: 183633 for pasientar buset på Sunnmøre, Rauma, Vestnes
  • Helse Møre og Romsdal HF Brystdiagnostikk (SNR), HERID:190486 for pasientar buset i Nordmøre/Romsdal

For informasjon om indikasjonar for brystdiagnostikk og kva som skal vere med av opplysningar i tilvisinga, sjå nasjonale retningslinjer: 

Utgreiing ved mistanke om brystkreft - Helsedirektoratet

Henvisning frå fastlege bør innehalde følgjande opplysningar - Helsedirektoratet

Denne lenka gir litt meir detaljert informasjon om tilvisingskriterium ved bestemde symptom: Indikasjon for utgreiing ved ulike symptom i bryst - Helse Møre og Romsdal

Tilvisinga blir vurdert og prioritert av radiolog, som tek stilling til kva som er nødvendig av biletdiagnostikk. Radiolog utfører og vurderer biletdiagnostikk og tek biopsi ved behov. Dersom pasienten er tilvist pga eit palpasjonsfunn så vurderer radiolog aktuell kul, men gjer inga generell klinisk undersøking av bryst/aksiller -dette må tilvisande lege ha gjort på førehand. Dersom pasienten har symptom/funn som og gjer det nødvendig med vurdering hos kirurg så tilviser radiolog vidare til dette.

Inngang til pakkeforløp for brystkreft - Helsedirektoratet

Dokumentet over angir kriterium for pasientar som skal tilvisast i pakkeforløp. Radiolog vil uansett vurdere alle tilvisingar i forhold til om kriterium for pakkeforløp er oppfylte eller ikkje og endre hastegrad i forhold til dette. Det er ikkje alle kular som skal tilvisast i pakkeforløp; berre dei som er palpatorisk suspekte. Typisk er kulane då ujamne, uskarpt avgrensa og sit fast i vevet. Dette til motsetning frå cystar som ofte er ømme og glatte, og fibroadenom som ofte er faste, glatte og mobile. Risiko for at ein kul representerer kreft aukar med alder, og i utgangspunktet skal alle nye kuler hos kvinner >50 år vurderast som suspekte. Brystkreft hos unge kvinner er svært sjeldan og normale syklusavhengige forandringar i bryst hos kvinner under 35 år oppfattast ofte som nye kuler eller klumpar. Desse forsvinn ofte spontant. Det kan derfor vere grunn til å sjå an situasjonen i 1–2 menstruasjons-syklusar hos unge kvinner før tilvising.

Dersom det er manglande kapasitet kan pasient bli tilvist vidare til Evidia Trondheim for utgreiing, for å sikre tilbod om brystdiagnostikk innan rett tid. Pasientane blir i så fall kontakta av sekretær/koordinator for nærare informasjon om dette. Dersom pasient takkar nei til tilbod om time ved Evidia, får pasienten time i HMR, men mistar då retten til tilbod om time innan medisinsk frist. Pasientar som har behov for time innan 2 veker blir alltid utgreia lokalt i HMR. 

Tilvising av pasientar som berre skal til mammografi

Tilvising til mammografi sendast til:

  • Radiologisk avdeling, Ålesund sjukehus, pasienter buset på Sunnmøre, Rauma, Vestnes.
  • Radiologiskavdeling SNR, pasienter buset i Nordmøre/Romsdal 

Dette gjeld pasientar som skal tilvisast til 

  1. Kontroll mammografi pga
    a. Brystkreft
    b. Påvist premalign forandring
    c. Arveleg risiko for brystkreft (føreset at det føreligg tilråding frå klinisk 
    genetikar)

  2. Mammografi pga
    a. Rutineundersøking hjå pasient>40 år før brystløft/reduksjonsplastikk/silikonprotesar

Kontrollar etter brystkreft. Kontroll etter 1,2 og 5 år går føre seg ved Ålesund sjukehus, medan kontrollar etter 3,4 og 6-10 år går føre seg i regi av fastlege og då er det og fastlege som sender tilvising til mammografi. For informasjon om innhald i kontrollane sjå nasjonale retningslinjer:

Vidare etterkontrollar - Helsedirektoratet