KURSTILBOD FOR PÅRØRANDE
Dei viktige pårørande
I høve pårørandedagen 22. september ønsker vi å løfte fram den viktige rolla pårørande har og vise fram nokre av tilboda som fins for pårørande.
Den viktige pårøranderolla
Dei fleste vil ein eller anna gong oppleve å bli pårørande. Å stå nær til nokon som er ramma av alvorlig sjukdom eller nedsatt funksjonsevne kan vere krevande. Ved å markere pårørendedagen ønsker vi å vise at pårørande fortener å bli sett og at også pårørande har behov for å oppleve støtte og meistring.
Kurs for pårørande i Helse Møre og Romsdal
Lærings- og meistringssenteret ønsker særleg å løfte fram pårørandetilboda i haust. I Helse Møre og Romsdal finn ein del tilbod som er særleg tilpassa pårørande, som kurstilbod til personar med rus og pengespelproblem ved TSB, kurs for foreldre/føresette til born og unge med autisme eller ADHD og føresette til barn og unge med epilepsi.
Digitalt pårørandekurs
For deg som er nær til nokon med rusproblem eller nokon som slik med psykiske utfordringar, ulike tema ved kvar kurskveld.
- Torsdag 5. oktober 17.00- 19.00
- Torsdag 12. oktober 17.00-19.00
- Torsdag 19. oktober 17.00-19.00
- Torsdag 26. oktober 17.00-19.00
Arrangør er Lærings- og meistringsenteret ved St. Olavs . Kontaktperson og påmelding til Lena Sørensen, e-post: lena.sorensen@stolav.no
Meistringskurs for vaksne etterlatne
Kurset "Livslyst" er ope for deltakarar frå heile fylket og foregår ved Ålesund rådhus. Kurset gir nyttige verktøy for å kunne meistre kvardagen når livet er vanskeleg, deltakarane får også moglegheit for å utveksle erfaringar med andre.
- Tirsdag 17. oktober 16.30- 19.00
- Tirsdag 24. oktober 16.30-19.00
- Tirsdag 31. oktober 16.30-19.00
- Tirsdag 7. november 16.30-19.00
Kontakt pårørandekoordinator Merete Kløvning i Ålesund kommune for informasjon og påmelding, e-post: merete.brungot.klovning@alesund.kommune.no
Andre tilbod til pårørande
Dei aller fleste pasientkursa eller opplæringstilboda i Helse Møre og Romsdal legg til rette for, og oppfordrar sterkt til, at pårørande deltek på kurstilboda i lag med personen som har langvarig sjudom, skade eller nedsett funksjonsevne.
Det fins tilbod for pårørande både i kommunar og i spesialisthelsetenesten.
Her kan du sjå alle kurs- og opplæringstilboda i Helse Møre og Romsdal