Helsefellesskap Møre og Romsdal
LSU Molde og utskrivingsklare pasientar
Lokalt samarbeidsutval i Molde (LSU Molde) hadde nyleg sitt første møte i år der dei arbeidde med prosjektet som har mål om å redusere utskrivingsklare pasientar ved Molde sjukehus. Dette er eit av fem konkrete forbetringsprosjekt i regi av LSU Molde.
Forberingsprosjekt i LSU Molde
Eit av dei fem konkrete forbetringsprosjekta i regi av Lokalt samarbeidsutvalg Molde (LSU Molde) har mål om å redusere antall utskrivningsklare pasientar ved Molde sjukehus. Under årets første møte i LSU Molde den 25. januar 2023 presenterte Tanja Thalén (Molde kommune) og Trude Gudbrandsen Solenes (Molde sjukehus) status for arbeidet. Dette etter at kommunene i Romsdal i et par månedar har registrert årsakene til alle liggedøgn for utskrivningsklare pasientar.Thalén kommenterte statistikken, og at denne dannar eit godt og faktabasert grunnlag for å kunne iverksette målretta tiltak både i kommunene og ved sjukehuset.
I møte vart det beslutta å videreføre kartlegningsperioda fram til LSU Molde sitt samarbeidsseminar 9. juni. Her vil utskrivningsklare pasientar vere eit av hovdtema.
Meir om helsefellesskap Møre og Romsdal
Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: born og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar.
Over ser du illustrasjon over strukturen i Helsefellesskap Møre og Romsdal fordelt på tre ulike nivå. På nedste nivået (nivå 3 i helsefellesskap) har ein 12 ulike faglege samarbeidsutval innanfor ulike fagfelt samt 4 lokale samarbeidsutval rundt kvart av sjukehusa i fylket.
Du finn informasjon om alle ulike utval, medlemar, referat, handlingsplanar inkludert noværande samarbeidsavtale på nettsidene til Helsefellesskap Møre og Romsdal