Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal. Akuttsjukehuset og psykiatri- og habiliteringsbygget ligg på Hjelset, ca 17 km aust for Molde sentrum og ca 54 km sør for Kristiansund sentrum.
8. oktober 2024 var det offisiell opning av psykiatri- og habiliteringsbygget, og frå 14. oktober starta innflyttinga for pasientar og tilsette.
Heile sjukehuset skal stå klart våren 2025.