Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt og utbetra digitalt Altinn-skjema for samhandlingsavvik

Nytt digitalt skjema for å melde samhandlingsavvik frå kommunane til helseføretaket kan frå i dag takast i bruk. Samhandlingsseksjonen i Helse Møre og Romsdal har i lengre tid jobba for å utbetre det digitale Altinn-skjemaet for samhandlingsavvik.

Publisert 01.02.2023
Sist oppdatert 06.03.2023
døme avvik

Oppdatering

​Det er tekniske utfordringar med mottak av nytt avviksskjema. Nytt difor eldre løysing inntil problemet er løyst​


​Det er gledeleg at det nye meldeskjemaet no endeleg er på plass, seier rådgivar ved Samhandlingsseksjonen, Karethe Kristoffersen Aam. 

Det har lenge vore eit problem at moglegheitene for å ta ut rapportar for samhandlingsavvik har vore avgrensa. Meldeskjemaet som har vore nytta fram til 01.02.2023 har ikkje vore dekkande for føresegnene i samarbeidsavtalen. Rapportar som seier noko utover tal på melde avvik og ifrå kva verksemd har ikkje vore mogelig å ta ut. Dette har medført eit stort manuelt arbeid ved utarbeiding av årsrapport for samhandlingsavvik. Med eit utbetra Altinn- skjema, vil ein framover ha mogelegheiter for å ta ut statistikkar for typar avvik og omfanget av desse. Dette vil gjere det lettare å identifisere problemområde og peike ut mål for forbetring. Utbetra Altinn-skjema vart presentert og godt motteke i strategisk samarbeidsutval 18.01.23.

Jamfør hovudavtalen punkt 7 i samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal (2021) skal:
 
«Arbeidet med avvikshandtering, forbetringsarbeid og erfaringsutveksling vere høgt prioritert hjå partane. Dersom partane ikkje følgjer avtalen kan det føreligge eit avvik. Brot på retningsliner som fører til dårleg samarbeid er også eit avvik. Formålet med avvikshandtering skal vere forbetringsarbeid og erfaringsutveksling.»
 
Vidare seier samarbeidsavtalen at lokale samarbeidsutval (LSU) skal vere eit forum for forbetringsarbeid og samarbeid mellom kommunane og det enkelte sjukehus. LSU skal kartlegge, initiere, følge opp og implementere forbetringar på operativt nivå med mål om gode samhandlingsløysingar og standardiserte pasientforlaup. Prioriteringa skal blant anna byggje på registrerte samhandlingsavvik og input frå årleg samarbeidsmøte mellom sjukehuset og kommunane.
 
Med eit nytt og utbetra meldeskjema legg ein no betre til rette for at dei lokale samarbeidsutvala får betre oversikt over samhandlingsavvik i sitt sjukehusområde.

For at vi skal kunne ta ut gode rapportar er det viktig at den enkelte sakhandsamar for samhandlingsavvik i helseføretaket registrerar avvika som kjem inn med rette kategoriar i EQS. Det vil bli gitt nærmare informasjon/opplæring i dette.





  1. Identifisering
    Den som finn eller påviser ei uheldig hending jf. lov/ forskrift, avtaleverk for samhandling og/ eller tenester som ytes til pasientar, pliktar å melde om dette i tråd med eigen organisasjon sine rutinar for avvikshandtering. Som tilsett i Helse Møre og Romsdal skal slike avvik meldast i EQS. For tilsette utanom Helse Møre og Romsdal skal næraste leiar eller tilsvarande i kommunen, nytte digitalt meldeskjema gjennom Altinn

  1. Melding
    For HMR: Bruk vanleg meldeskjema i EQS. Sjå EQS-prosedyre 22247 for framgangsmåte.
    Utanfor HMR: Tilsette melder i eigen organisasjon i tråd med interne rutinar, der meldinga så blir sendt til næraste leiar. Leiar eller tilsvarande for aktuell eining i kommunen, legg informasjon frå avviksmeldinga inn i digitalt skjema for samhandlingsavvik gjennom Altinn. ​

  1. Mottak og saksbehandling
    Meldinga sendast mottakar sitt postmottak/digitale postkasse og registrerast i ordinært saksarkiv. Dei registrerte avvika blir sakshandsama i tråd med interne rutinar i helseføretak og kommunar. Personidentifiserbare opplysningar handterast iht. reglar for teieplikt. Formålet med avvikshandtering skal vere forbetringsarbeid og erfaringsutveksling.