Eit levande planverktøy for omsorg til pasientar med sjukdom som ikkje kan kurerast.

Palliativ plan

Handlingsplan for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal vedteken av overordna samhandlingsutval november 2016. Innføring av palliativ plan utgjer innsatsområde 2.5 i samhandlingsstrategien 2016-2018.

Jan Ole Bolsø
Publisert 20.11.2017
Sist oppdatert 16.06.2020
Palliativ plan vil være eit verktøy som hjelper til med samhandling, kvalitetssikring og at pasienten sine ynskjer er i fokus.

​Eit verktøy

Palliativ plan vil være eit verktøy som hjelper til med samhandling, kvalitetssikring og at pasienten sine ynskjer er i fokus. Dette vil bidra til tryggleik for alle partar, både pasientane sjølve, pårørande, helsepersonell og lege.
Ressursgruppa har som mål at planen skal innførast og brukast i alle dei 36 kommunane og i helseføretaket i løpet av 2018.
I 2017 har hovudfokuset til ressursgruppa vore  elektronisk samhandling om den palliative planen. Planen skal fylgje pasienten der han er.

Pilotperiode

Vi har hatt ei pilotperiode med uttesting av ulike elektroniske prosedyrar. I samarbeid med KomUt og dei ulike systemansvarlege har ein no landa på ei felles prosedyre som fungerar godt. Denne er tilpassa inn i dokumentasjonssystema som pleietenesta i Møre og Romsdal brukar. Denne kan sendast elektroniks via E-melding til fastlege/tilsynslege og til 2 linjeteneste.
Ressurssjukepleiarar i palliasjon har fått undervisning om palliativ plan. Vi har og vore i kontakt med svært mange legekontor for å informere og ha ein dialog om dette. Jamt over ser vi ei positiv innstilling til å innføre bruk av palliativ plan.

App og e-læring

Vi i gong med eit samarbeid med Utviklingsenter for sykehjem og hjemmetjenesten i MR og Helseinnovasjonssenteret. Vi skal utvikle ein opplæringsapp og e-læringsmodular om bruk av palliativ plan. Vi er og i gong med å lage ein video.
Samarbeidet om palliativ plan i Møre og Romsdal har gjort seg bemerka også nasjonalt. Vi håpar og trur at palliativ plan etter kvart vil være ei nasjonal anbefaling.

Ressursgruppa som arbeider med planen og opplæring består av fagpersoner innan palliasjon både frå helseforetaket og frå kommunehelsetjeneste.

KickOff dager

Det vil bli arrangert to KickOff dager i januar 2018. Invitasjonen går til alle sykepleiere, fastleger/tilsynsleger og dokumentasjons-/systemansvarlige. Link til mer informasjon:

Sunnmøre: 11.01.2018 i bystyresalen, Ålesund Rådhus

Nordmøre og Romsdal: 15.01.2018 i Knudzonlunden på Frei.


Meir informasjon

Eigen webside om palliativ plan. Mellom anna med informasjon om koreis ein gjeng fram for å opprette ein plan

Film om palliativ plan