Praksiskonsulentordninga skiftar namn til Samarbeidsordning for spesialisthelsetenesta og fastlegane

Det har vore ei nasjonal evaluering av praksiskonsulentordninga. Ei av endringane som følgje av dette er at praksiskonsulentordninga skiftar namn til samarbeidsordning for spesialisthelsetenesta og fastlegane frå og med 01.01.24. Praksiskonsulentar blir frå nyttår kalla samhandlingslegar.

Publisert 21.12.2023
Sist oppdatert 02.01.2024
Et par menn som ser på en bok
Illustrasjon Colorbox

Formålet med samarbeidsordninga

Formålet med samarbeidsordninga mellom spesialisthelsetenesta og fastlegane er å legge til rette for auka samhandling og koordinering mellom fastlegane og spesialisthelsetenesta. Ordninga har spesielt fokus på samspelet mellom fastlege og sjukehuslege.  


Forankring

Samarbeidsordninga mellom spesialisthelsetenesta og fastlegane er forankra i Helsefellesskap Møre og Romsdal og samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal. Helseføretaket og kommunane i fylket dekker 50% kvar av kostnadane ordninga medfører.

Samhandlinga tek utgangspunkt i «Møteplass Møre og Romsdal dokumentet» som skildrar anbefalingar om samarbeidet mellom sjukehuslegane og fastlegane. Dokumentet er ei tilhøyrande retningslinje til samarbeidsavtalen mellom HMR HF og kommunane i Møre og Romsdal.

Med «fastlege» meinast både fastlegar, sjukeheimslegar, legevaktlegar og andre legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Omgrepet «sjukehuslegar» omfattar sjukehuslegar, avtalespesialister, psykologar og andre behandlarar omfatt av spesialisthelsetenestelova. 

Samarbeidsordninga omfattar av leiar for samhandlingslegane (samhandlingsoverlege) og fire samhandlingslegar (kvar i 20% stilling) som har si forankring i kvar av fastlegegruppene til dei fire lokalsjukehusområda. Totalt 130% årsverk. I Møre og Romsdal har ein valt å ha samhandlingslegar knytt til kvart lokalsjukehus-/DPS-område og ikkje til bestemte klinikkar. Samhandlingslegane er tilsett i samhandlingsseksjonen i HMR HF og helseføretaket har arbeidsgjevaransvaret.

Samhandlingslegane sine oppgåver og ansvar

  • Bidra til å forbetre informasjonsflyt og kommunikasjon i samhandlinga mellom fastlegane og sjukehuslegane. 
  • Vurdere og vidareutvikle praksis for tilvising, innlegging og utskriving. Bidra med å utarbeide retningslinjer for dette.
  • Bidra til møteplassar mellom fastlegar og sjukehuslegar
  • Vere kontaktperson for fastlegar og sjukehuslegar i sitt nedslagsområde.
  • Delta i Helsefellesskapet som representant for fastlegane i sitt nedslagsområde.
  • Ivareta andre oppgåver som naturlig høyrer under samhandlingslegen sitt ansvarsområde. 
  • Samhandlingslegane skal arbeide med problemstillingar på systemnivå og ikkje i forhold til enkeltpasientar. 

Samhandlingsoverlegen sitt ansvar

  • Vere leiar for ordninga 
  • Delta i val av samhandlingslegar
  • Koordinere og rettleie samhandlingslegane
  • Sørge for møtearenaer mellom samhandlingslegane, leiinga på sjukehuset, fastlegemiljøet og helseleiinga i kommunane.
  • Delta i nettverk for leiarar for samhandlingsleganei landet
  • Vere rådgjevar for leiarar i føretaket og i kommunen når det gjeld samhandlingstema knytt til fastlegene.

  1. Utarbeide skriftleg samarbeidsdokument som skildrar oppgåvefordeling mellom fastleger og sjukehuslegar (Møteplass Møre og Romsdal dokumentet).
  2. Delta i Helsefellesskapet som fastlegerepresentantar.
  3. Faste møter kvar veke med samhandlingssjef og medisinsk fagsjef i fagavdelinga for å ta opp samhandlingstema som omhandlar fastlegar og sjukehuslegar.
  4. Vere med i planlegging av årlege fastlegemøter ved kvart av de 4 sjukehusa («Nytt og nyttig møter»)
  5. Delta årleg på leiarmøter i klinikkane for å drøfte og sette fokus på samhandlingstema mellom fastlegane og sjukehuslegane.
  6. Leiaren for ordninga deltek i reforhandling av samhandlingsavtalen mellom HMR HF og kommunane.
  7. Vere rådgjevarar når HMR HF ønsker å informere fastlegane.
  8. Jobbe for at fagdagar på sjukehuset leggast opp slik at fastlegane kan delta og at dette meritterer i deira spesialisering.
  9. Opprette og vidareutvikle hospiteringsordning for fastlegar ved sjukehus og DPS. Fastlegar og andre tilvisarar - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)
  10. Samarbeide med lokal legeforeining og HMR HF slik at det blir haldt 2 dagars fagkurs/Kliniske emnekurs kvart halvår
  11. Jobbe med at kommunane bidrar aktivt i tilsetting av LIS1. Lis-1 tenesta er eit samarbeid mellom HMR HF og kommunane.
  12. Gode ALIS stillingar ved alle sjukehus i Møre og Romsdal
  13. Samhandling mellom helsepersonell som har avtaler med HMN RHF (m.a. avtalespesialistar og sjukehusavtaler), fastleger og sjukehuslegar
  14. Vere fastlegerepresentantar i ulike prosjekt og utval som kan resultere i endra samhandling mellom sjukehus og fastleger (t.d. palliativ plan , pasientflyt legevakt-akuttmottak , dialogmeldingar, pediatritilbod i fylket, ulike regionale planar m.m.)
  15. Sikre at sjukehuslegar og fastlegar har felles forståing for korleis dialogmeldingar skal nyttast.
  16. Vere konsulentar og rådgjevar for sjukehuslegar og fastlegar i samhandlingsspørsmål.
  17. Rettleie fastlege- og sjukehuskollegaer i saker der ein må følge opp samhandlingsavvik.
  18. Jobbe med informasjonsarbeid til fastlegene om utrulling av Helseplattformen.
  19. Gi råd til kommunale helseleiarar og helseleiarar i HMR HF og HMN RHF i saker som omhandlar samhandling mellom fastlegar og sjukehuslegar
  20. Sikre at der er gode prosessar ved omfordeling av oppgåver mellom sjukehus og fastleger.
  21. Bidra til at fastlegene i Møre og Romsdal bruker røntgen- og laboratorietenestene til HMR HF og HMN RHF.
  22. Jobbe for at der er gode relasjonar mellom dei som jobbar i HMR og kommunane. Vi trur at dette er med å skaper betre helsetenester.
  23. Gi råd til brukarutvalet og ungdomsrådet slik at pasientane og pårørande kan delta aktivt i prosessane når oppgåver skal omfordelast mellom sjukehuslegane og fastlegene.
  24. Vere med å skape en kultur med god samhandling slik at helsepersonell ønsker å jobbe i helsevesenet i Møre og Romsdal. Kvart helsepersonell skal oppleve at god samhandling gir de en betre arbeidskvardag. Samhandling er et virkemiddel for å få «mest mogeleg helse for dei kronene vi har tilgjengeleg i helsevesenet i Møre og Romsdal».
  25. Vedlikehalde dei etiske reglane for god samhandling samhandlingsplakat-for-behandlere-.pdf  

Oversikt Samhandlingslegar i Møre og Romsdal

Samhandlingsoverlege og leiar for samhandlingsordninga 
Stian Endresen 
Fastlege Ulstein kommune, 
E-post: stian.endresen@helse-mr.no

Nordre Sunnmøre/Ålesund sykehus  
Samhandlingslege Sofie Møller-Christensen
Fastlege Giske kommune 
E-post: sofie.moller-christensen@helse-mr.no 

Søre Sunnmøre/Volda sykehus 
Samhandlingslege Håvard Ramsli 
Fastlege Herøy kommune 
Havard.Ramsli@helse-mr.no 

Romsdal/Molde sykehus 
Samhandlingslege Thilde Camilla Svela 
Fastlege Molde kommune
E-post: Thilde.Camilla.Svela@helse-mr.no

Nordmøre/Kristiansund sykehus 
Samhandlingslege Andreas Nybrott Hals 
Fastlege Kristiansund kommune
Epost: andreas.nybrott.hals@helse-m​r.no