Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

PSHT - for styrka pasientforløp og samanheng i tenestene

PSHT i Møre og Romsdal har god framdrift og vidareutviklar samarbeidet mellom kommunar og Helse Møre og Romsdal. Det er særleg fokus på tiltak som styrkar pasientforløp og bidreg til betre samanheng i tenestene.

Publisert 02.06.2026
Sist oppdatert 16.06.2026
Ei dame som jobbar på ei tavle med post-it lappar, mens arbeidsgruppa står rundt.

Foto: InnoMed

PSHT på workshop. Ida Christensen fyller på med gevinstar på tavla.

Førebygge innlegging

Med Pasientsentrert helseteneste (PSHT) har arbeidet med førebygging av innlegging fått auka merksemd, mellom anna gjennom tidlegare og koordinert innsats i samarbeid med kontaktpersonar frå kommunane. 

– Dette gir betre støtte til pasientar i heimen, fortel prosjektleiar for PSHT Møre og Romsdal, Randi Torgersen. Ho fortel vidare at det er gjort eit svært godt arbeid i etablering av eigenbehandlingsplanar. Torgersen forklarer at dette gir pasientane større tryggleik og høve til å meistre eigen situasjon, og gir beslutningsstøtte til helsepersonell i heimetenesta på kveld og helg. Dette gjer at ein førebyggjer innleggingar i større grad enn før PSHT vart etablert.

Tiltak for forsterka utskriving

Vidare er tiltak for forsterka utskriving frå sjukehus under utvikling, med mål om betre koordinerte overgangar og redusert risiko for reinnlegging.

– Her har samarbeid med kontaktpersonar frå kommunane, sjukehuslege, fastlege, farmasøyt, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, pasientar og pårørande særleg fokus, fortel Torgersen. PSHT koordinerer innstasen og gir råd før pasientane blir melde utskrivingsklare, og tilbyr kommunar og fastlegar oppfølging, og følgjer pasientane i 2-3 veker etter utskriving. Samtidig blir samhandlinga styrkt mellom tenester, både internt i kommunane og mellom nivåa, gjennom auka erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid.

Oppstilt gruppebilde med representantar frå PSHT, InnoMed og Helseinnovasjonssenteret.

Foto: InnoMed

PSHT-teama i Møre og Romsdal i lag med representantar frå InnoMed og Helseinnovasjonssenteret.