Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Revidert samarbeidsavtale er ferdigstilt

Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal er no ferdigstilt.

Publisert 08.01.2021
Tekst, brev
Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal er no ferdigstilt.

​Ei av hovudendringane er revidert samarbeidsstruktur etter prinsipp om avtale om helsefellesskap som vart inngått mellom regjeringa og KS. 

Organisering av helsefellesskap i Møre og Romsdal

Formålet er å utvikle samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar som har behov for helsehjelp både frå kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Ein viktig føresetnad for dette er at vi evnar å gå frå partar til partnarskap og dette må ligge til grunn for samarbeidet på alle nivå i strukturen, overordna, strategisk og fagleg. 

Revisjonsarbeidet 

Revisjonsarbeidet har hatt stor interesse, både i kommunane, helseføretaket, brukarar og andre interesseorganisasjonar og det har kome mange og gode innspel med mål om utvikling og forbetring av gjeldande avtaleverk og samarbeidsstruktur. 

Ein har i revisjonen hatt særleg fokus på å tydeliggjere strukturen, hensiktsmessig representasjon, klare mandat og effektiv kommunikasjonsflyt mellom dei ulike samarbeidsfora. Frå overordna prioritering og forankring må strukturen evne å konkretisere dette i endra praksis som gir verdi for pasientane, brukarane, tilsette og samtidig god ressursbruk.  Revisjonen har bidrege til forenkla avtaleverket og ein vidareutvikla samarbeidsstruktur, men som vil ha behov for å prøvast ut, evaluerast og ev. justerast i framtidige reforhandlingsprosessar. 

Lenker

Revidert samarbeidsavtale kan ein lese her
Informasjon om revisjonen og høyring kan ein lese her