Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Nytt om samhandling

Toppleiinga i Helse Møre og Romsdal og kommunane tek plass i Strategisk samarbeidsutval

Frå 1. oktober har Strategisk samarbeidsutval (SSU) fått ny samansetjing. Toppleiinga i kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal erstattar den tidlegare representasjonen frå dei lokale samarbeidsutvala. Målet er å styrke SSU si rolle som strategisk arena for å drøfte og følgje opp felles utviklings- og endringsbehov i helse- og omsorgstenestene.

Publisert 15.10.2026
Kommunevåpen og logo til Helse Møre og Romsdal.
HMR og kommunane i fylket

Strategisk samarbeidsutval

I tråd med nasjonale prinsipp for organisering av Helsefellesskap etablerte Helse Møre og Romsdal og kommunane i fylket hausten 2021 eit Strategisk samarbeidsutval (SSU). Utvalet erstatta tidlegare Overordna samarbeidsutval og skal i tråd med samarbeidsavtalen behandle saker om utvikling og samarbeid innan helse- og omsorgstenester som gjeld heile fylket. Utvalet rapporterer til Partnarskapsmøte og kan gi oppdrag til faglege og lokale samarbeidsutval.

I perioden 2021 til 1. oktober i år, har SSU vore representert med leiarar og nestleiarar for dei lokale samarbeidsutvala i Møre og Romsdal. Hensikta har vore å sikre gjennomgåande representasjon frå dei lokale utvala (LSU) til SSU. I tillegg inngår brukarrepresentantar og leiar av samarbeidsordning for spesialisthelsetenesta og fastlegane (samhandlingsoverlege) som medlemmar. Statsforvaltaren, Pasient- og brukarombodet og Helse Midt-Norge deltek i SSU som observatørar.

Meir forpliktande samarbeid

Ei arbeidsgruppe som vart nedsett hausten 2025 for å tilrå mål og strategi for Helsefellesskap Møre og Romsdal, peika i sak 15/26, behandla av SSU 18. mars, på behovet for at toppleiinga i Helse Møre og Romsdal og kommunane er representert i SSU. Dette vart vurdert som ein føresetnad for at SSU skal kunne definere og operasjonalisere forpliktande mål og strategiar for framtidas helsetenester i fellesskap. Ein konsekvens av manglande representasjon frå toppleiing i SSU, er at viktige saker har blitt handtert utanfor helsefellesskapet.

Tilrådinga om å justere representasjonen i SSU vart følgd opp i sak 6/2026 i Partnarskapsmøtet 7. mai. Der vart det gjort vedtak om å endre samansetjinga i SSU slik at dei to øvste leiarnivåa i Helse Møre og Romsdal og kommunane blir representert i utvalet. Endringa vart forankra i samarbeidsavtalen og sett i verk 1. oktober 2026.

Det nye SSU vart konstituert 6. oktober. Per Sverre Ersvik, kommunedirektør i Averøy kommune, vart valt til leiar. Erik Ganesh Iyer Søegaard, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, vart valt som nestleiar. Informasjon om dei øvrige medlemmane, møteplan og saker kan lesast her.

Takka tidlegare SSU for innsatsen

I SSU-møtet 16. september på Vestnes Fjordhotell vart tidlegare leiar i SSU, Jørn-Åge Longva, avdelingssjef for medisin ved Klinikk Ålesund sjukehus, og nestleiar Lene Bjørlo Overå, kommunalsjef og assisterande kommunedirektør i Giske kommune, takka for engasjementet og innsatsen dei har lagt ned i utvalet.

Dei ønskte det nye SSU lukke til i arbeidet med å vidareføre og utvikle satsingar og samarbeidstiltak på strategisk nivå.

Leiarane og nestleiarane i dei lokale samarbeidsutvala vil vidareføre dette arbeidet gjennom samarbeid og utvikling mellom sjukehusa og kommunane i opptaksområda deira.

Samhandlingskoordinator Oddvar Marøy, som har vore medlem i Felles samarbeidssekretariat sidan 2022, går no av med pensjon. Han vart også takka for innsatsen han har lagt ned gjennom fleire år i Helsefellesskap Møre og Romsdal. Frå 1. november 2026 tek Vegar Batts over rolla som samhandlingskoordinator for Søre Sunnmøre.

 

Medlemmar i tidlegare Strategisk samarbeidsutval
Medlemmar i tidlegare SSU og samhandlingskoordinatorar fotografert på Vestnes Fjordhotell 16.09.2026. Bak frå venstre: Bodil Haugen Våge samhandlingskoordinator for Nordre Sunnmøre, Ottar Jan Løvoll brukarrepresentant Helse Møre og Romsdal, Stian Endresen samhandlingsoverlege og fastlege Ulstein kommune, Jørn-Åge Longva leiar SSU, leiar LSU Ålesund og avdelingssjef medisin Klinikk Ålesund sjukehus, Lene Bjørlo Over nestleiar SSU, nestleiar LSU Ålesund og kommunalsjef/konstituert kommunedirektør Giske kommune, Jørn Velle Molskred kommunalsjef Sande kommune og nestleiar LSU Volda, Tor Nygaard medlem LSU Nordmøre og Romsdal og avdelingssjef DPS Nordmøre og Romsdal, Geir Nilsen leiar LSU Nordmøre og Romsdal og kommunalsjef Aure kommune. Framme frå venstre: Helge Hansen brukarrepresentant for kommunane, Hanne Haavde Stenseth Pasient og brukarombodet i Møre og Romsdal, Karin M Mikaelsen Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Oddvar Marøy samhandlingskoordinator for Søre Sunnmøre