Samarbeidsavtalen mellom kommunane og helseføretaket, med tilhøyrande retningslinjer, fastset korleis samhandlinga rundt pasienten skal gå føre seg. Dersom partane ikkje følgjer avtalen eller retningslinjene, blir dette rekna som eit avvik. I tråd med samarbeidsavtalen skal arbeidet med avvikshandtering og forbetring vere høgt prioritert hos partane i helsefellesskapet, og særleg vere tema i både lokalt samarbeidsutval (LSU) og strategisk samarbeidsutval (SSU).
Denne retningslinja, vedteken av SSU 10.06.26, skildrar føremålet, ansvaret og oppgåvene i Helsefellesskap kvalitetsråd.
Føremål
Retningslinja skal bidra til erfaringsutveksling, læring og forbetring av samhandlingsavvik mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Ansvar
Leiarar på alle nivå har ansvar for å følge opp samhandlingsavvik i samsvar med lov, forskrift og lokale rutinar.
Partnarane har etablert system for å melde avvik innan alle samarbeidsområda som er omfatta av avtalen jf. rutinar for melding og handtering av avvik mellom kommunar og helseføretak: Melde avvik - Helse Møre og Romsdal
Helsefellesskap kvalitetsråd
Samansetning
Lokalt samarbeidsutval (LSU) knytt til kvart sjukehusområde.
Oppgåver
- Gjennomgang av årleg rapport for samhandlingsavvik.
- Gjennomgang av lokal statistikk.
- Kontinuerleg dialog om godt datagrunnlag mellom partnarane.
- Iverksette tiltak i forhold til funn i årleg rapport for samhandlingsavvik.
- Gå gjennom utvalde anonymiserte samhandlingsavvik for vurdere og analysere årsakssamanhengar, finne bakanforliggande årsaker og foreslå tiltak. Både Helsefellesskap Møre og Romsdal kommunar og helseføretak kan melde inn samhandlingsavvik ein ønskjer å sjå nærmare på.
- Læring etter uønskte hendingar for å hindre gjentakingar, og arbeide for kontinuerleg forbetring i samhandlinga om helsetenestene.
- Ta tilbake erfaringar og tiltak ein har blitt samde om, og vere pådrivar i kvalitetsarbeid ved eigne einingar jf. Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten - Lovdata.
- Skrive ein kort årleg rapport om aktivitet og prioriterte tiltak i kvalitetsrådet som
skal inngå i årsrapport for samhandlingsavvik og årleg melding for helsefellesskap.
Frekvens på møte i kvalitetsråd
Lokale samarbeidsutval har 4-5 møter i året. Kvalitetsråd vert ein del av LSU minst ein gong kvart halvår.
Relevante lenker