Den nasjonale konferansen i Palliasjon går i desse dagar av stabelen i Molde med over 650 deltakarar frå heile landet. Fagpersonar i Møre og Romsdal er med å arrangere konferansen.
Publisert 15.09.2022
Sist oppdatert 30.05.2023
Landskonferansen i Palliasjon er i år arrangert av Norsk Palliativ Forening og Norsk forening for palliativ medisin i samarbeid med fagpersonar frå Møre og Romsdal.
Ressursgruppa for Palliativ plan er med i lokalkomite beståande av Bardo Driller (Molde sjukehus), Tanja Aas Alme (Sula kommune), Anett Skopen Tarberg (Ulstein kommune) og Lillian Karlsen (NTNU). Anne Fasting (NTNU) er leiar for hovedkomiteen for Palliasjonskonferansen og leiar i Norsk forening for palliativ medisin.
Palliativ plan er eit viktig tema gjennom heile konferansen. Bardo Driller, overlege ved Molde sjukehus og Tanja Aas Alme, kreftkoordinator Sula kommune held innlegg og bidreg under workshop på den tre dagar lange konferansen i Molde.
Ressursgruppa for Palliativ plan har nyleg lansert ny brosjyre om Palliativ plan og forhåndssamtalar tilpassa pasientar og pårørande. Palliativ plan utarbeidast gjennom forhandssamtalar og god dialog og skal gi moglegheit for å legge fram kva som er viktig for deg som pasient. Planen er ikkje knytta kun til livets siste fase, men bør opprettast så tidleg som mogleg når ein får ei diagnose eller ein tilstand som inneber at levetida kan bli begrensa.
I tillegg er også rettleiar for helsepersonell i palliativ plan/ lindring oppdatert. Klikk deg inn på boksa under for å finne det du treng å vite om Palliativ plan, verktøy, videoar og ulike dokument for både pasientar, pårørande og helsepersonell.
Palliativ plan
Det å ha ein palliativ plan kan vere med å skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.