Spesialisering i anestesiologi ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus har eit pasientgrunnlag på om lag 50.000 innbyggjarar og har i hovudsak lokalsjukehusfunksjon for kommunane på Nordmøre. Barneavdelinga dekker i utgangspunktet både Nordmøre og Romsdal.

Kristiansund sjukehus har stor ortopedisk verksemd, og har vaktfunksjon innan ortopedi 24/7. På helg dekker Kristiansund sjukehus vaktfunksjon innan ortopedi både for Nordmøre og Romsdal. Anestesilegane yter anestesiservice til pasientar innanfor fagområda ortopedi, øyre-nase-hals, urologi, tannbehandling i narkose, gastroskopi/coloskopi i narkose, gynekologi og føde/barsel.

Fødeavdelinga har om lag 170 fødslar i året.

Avdelinga gjennomfører årleg om lag 4500 anestesiar totalt. Hovudaktiviteten for anestesilegane er anestesi på operasjonsstova. Ein stor del av aktiviteten er anestesi til ortopedisk kirurgi. LIS vil derfor få god kompetanse på ulike typar regional anestesi og perifere blokadar. LIS vil få noko erfaring med anestesi til barn ved ØNH-inngrep og tannbehandling i narkose. Sjukehuset har ein kombinert postoperativ- og generell intensiv/overvakingsseksjon som tilbyr behandling til alle pasientar på sjukehuset som treng overvaking og behandling ut over det som kan bli gitt på vanlege sengepostar. På intensiv er det hovudsakleg medisinske pasientar og LIS vil få noko erfaring med pasientar som treng ulike typar av sirkulasjons- og ventilasjonstrygd, både respiratorpasientar og NIV-pasientar (maskebehandling). 

Sjukehuset har godt fungerande teamarbeid i samband med hjartestans, dårlege medisinske pasientar og akutt sjuke intrahospitale pasientar. I tillegg deltar anestesilege på akutt barneteam. Anestesilege har ansvar for resuscitering av dårlege nyfødde i konferanse med neonatolog i Ålesund. 

Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er frå 01.05.22 slått saman med seksjon for anestesilegar i Molde. Seksjonen i Kristiansund har 6 overlegar og 1 LIS. Både overlege og LIS går i 5-delt vakt. Både overlegar og LIS har tilstadevakt frå ettermiddag til klokka 22.00, deretter heimevakt.


LIS kan rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle læringsmåla vi kan tilby ved anestesiseksjonen i Kristiansund i løpet av 12-18 månaders teneste. Dette er hovudsakleg læringsmål innanfor ortopedi. I tillegg noko erfaring med anestesi ved uro-og gyn/obstetrikk- inngrep og dessutan barneanestesi ved ØNH-inngrep og tannbehandling i narkose.

På fødeavdelinga vil LIS anestesi i samarbeid med anestesiologar ha ansvar for resuscitering av dårlege nyfødde i konferanse med neonatolog i Ålesund.
På intensiv får BLIR LIDT noko erfaring med pasientar som treng ulike typar av sirkulasjons- og ventilasjonstrygd, både respiratorpasientar og NIV-pasientar. Intensiv seksjonen i Kristiansund har hovudsakleg medisinske pasientar. Dei tyngste intensivpasientane er funksjonsfordelt til intensivseksjonen i Molde.

Vi har avtale med medisinsk avdeling i Kristiansund for oppnåing av ein del læringsmål som grensar til indremedisin (LM 011-015 og 017-021), om ein ikkje har slik teneste frå før. Vi har òg avtale om hospitering ved palliativt team for oppnåing av læringsmål innan smertebehandling og symptomlindrande behandling til pasientar med maligne smerter. LIS vil derfor kunna vere 18 månader til 2 år ved sjukehuset i Kristiansund for å oppnå dei aktuelle læringsmål ein kan tilby her for utdanning i spesialiteten anestesiologi.

LIS får etter det ein kan oppnå i Kristiansund, tilbod om vidare teneste ved anestesilegeseksjonen ved Molde sjukehus i inntil 2 år for oppnåing av dei ytterlegare læringsmål ein kan oppnå her, før ein går vidare til spesialiseringsperiode anten ved St.Olav eller OUS.

For læringsmål ein kan oppnå i Molde; sjå offentleg utdanningsplan for anestesilegeseksjonen i Molde. Føretaket har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Det er avtalen med St. Olavs hospital som opnar for ein forlengt spesialiseringsperiode på 27 månader.


Den første tida får LIS svært tett oppfølging. Etter kvart som LIS vert sjølvgåande i basale ferdigheiter vil ein arbeide meir utan kontinuerlig supervisjon, og dei andre overlegane vil i større grad vere involvert i supervisjon og opplæring. Ved oppstart vil LIS få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av aktuelt medisinsk-teknisk utstyr.

Vi har 90 minutt internundervisning kvar mandag og to timar kvar andre torsdag. Vi prøver å gå gjennom dei viktigaste tema som hovudsakleg omhandlar den verksemda vi har, i løpet av 2 år. I tillegg kjem referat frå nyare artiklar og forsking. Både overlegar og LIS bidreg med innlegg til internundervisning. Interundervisninga omfatter minst 70 timar i året. Ein arbeider med å få til noko fellesundervisning med legeseksjonen i Molde i tillegg til eksterne foredragshaldarar. 

Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, traumeteam, hjertestans, MET-mottak, MIT, barneteam. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Slik får LIS jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere sine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.  

Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innan alle delar av veksemda. LIS får tildelt rettleiar når ein startar, og denne spesialisten jobbar LIS tett ilag med den første tida. I tillegg er det sett av tid kvar månad for samtale der mellom anna fagleg progresjon og eventuelle utfordringar blir diskutert.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Anestesimiljøet i HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialiststruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane. 

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Det er eige utdanningsutval på seksjonen. Seksjonleiar oppnemner utvalet som består av både overlege og LIS. Utdanningsutvalet har kvartalsvise møte og 1-2 gonger i året deltek og seksjonsleiar på møta. LIS i utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning, der både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. Ein arbeider med ei løysing for at LIS i Kristiansund kan delta på noko av internundervisninga i Molde. Utdanningsutvalet, i samarbeid med seksjonsleiar, ser til at LIS blir prioritert til dei aktivitetsområda LIS treng i ein naturleg progresjon.
Utdanningsutvalet vil bidra til at LIS får permisjon til å gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.


Sidan avdelinga har berre 1 (1-2) LIS har det ikkje vore tradisjon for eigen tillitsvalt for LIS i avdelinga, men det er tillitsvalt for YLF på sjukehusnivå som våre LIS forheld seg til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på foretaksnivå.

Seksjonsleiar og anestesilege Per Johan Lans, tlf  71 12 00 00
For utfyllande spørsmål om læringsmål kontakt utdanningsansvarleg overlege Raimo Lysebråten, tlf  71 12 00 00



  

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 23.05.2023