Spesialisering i barnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Avdelinga i Kristiansund er lokalisert i hovedbygget til sjukehuset. Avdelinga dekker barn frå svangerskapsveke 35 til 18 år med indremedisinske problemstillingar. Sengeposten er organisert som eit barnesenter. Der har vi og pleieansvar for barnekirurgiske pasientar og det blir gitt tilsyn og rådgiving frå barnelege etter forespørsel.
Vi har omkring 450 innleggingar innan barnemedisin og omkring 150 barnekirurgiske innleggingar i året. Ved poliklinikken. Har vi om lag 2400 konsultasjonar og 270 dagbehandlingsopphald. Barneavdelinga dekker og barnelegeteneste ved habilitering.


Som LIS hos oss vil du delta i det daglegeg arbeidet på sengepost, poliklinikk og dagbehandling, samt tilsyn på føde/ barsel. Vi har 5,3 overlegestillingar og 1 LIS-stilling tilknytt avdeling. Alle LIS 1 ved sjukehuset er og innom oss ei veke kvar i løpet av tenesta. LIS Du vil inngå i felles 5-6-delt vaktordning med overlegane, men sjølvsagt med bakvakt når du har vakt. Vaktordninga baserer seg på døgnvakt med heimevakt. Dagtidsarbeidet fordeler seg på visitt ved sengepost, poliklinikk, barseltilsyn og fordjuping. 

Som LIS i avdelinga vår vil du, etter opplæring, få tildelt varierte oppgåver med gradvis aukande ansvar og kompleksitet. Du har visittansvar på sengepost for store barn og du vil og ha sjølvstendig poliklinikk, men ofte med enkle pediatriske problemstillingar i starten. Vi dekker eit bredt utval av læringsmåla innan generell pediatri, men vi har ikkje nyfødd intensivteneste. For å oppnå kompetanse i dette feltet, inkludert dei heilt små premature og akutt onkologi, samt få litt meir volum på enkelte pasientgrupper er det behov for teneste ved større avdelingar, og du må derfor supplere med teneste ved større avdeling. Du vil trenge teneste ved avdelinga i Ålesund og også teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt alle læringsmåla dine.

Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste.

Når du kjem til oss vil du, som noko av det første, få din eigen kompetanseplan med ulike kurs du skal gjere og prosedyrer du skal sette deg inn i for å bli kjent med avdelinga. Du får og tildelt rettleiar. I starten vil du ha vakt ilag med overlege fram til du er klar for å starte med sjølvstendig vakt.

Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 120 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 45 minutt kvar tirsdag og torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møter ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå fjerde onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.


Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlige nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt foredrag eller anna innlegg på møter/kurs leggast det og til rette for permisjon og støtte til dette. 

Saman med føde/barsel blir det arrangert simuleringstrening over to dagar, to gonger kvart år. Det vert da gjort scenarietrening med akutt sjuke nyfødde. Det er og simuleringstrening saman med akuttmottaket med akutt barneteam kvar 4.måned, AHLR og HHLR kvart andre år. I sengeposten har vi simuleringstrening gonger i året for alle tilsette. Kvart år går vi gjennom medisinsk teknisk utstyr og trenger på praktisk bruk.

Vi er eit lite og oversiktleg miljø og jobbar tett i lag ved alle seksjonar, samt ved felles legemøter. Det er dermed lett tilgang på spesialist eller meir erfaren LIS i løpet av dagen. Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.
Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.

Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing fjerde onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Vi har inga aktiv forsking ved vår avdeling, men det er mykje aktiv forsking hos kollegane våre på barneavdelinga i Ålesund som våre LIS-legar kan delta i dersom dette er ønskeleg. 

Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av ein spesialist og ein LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette.

Avdelinga har felles tillitsvalt for LIS og overlegar. Det er og tillitsvalt for YLF på sjukehus- og foretaksnivå.

Siv Kristoffersen, seksjonsleiar

Bente Askestad, overlege og medisinskfagleg rådgjevar

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.





Sist oppdatert 02.05.2023