Spesialisering i barnesjukdommar ved SNR
Vi flytta inn på det nye akuttsjukehuset på Hjelset i april 2025. På SNR Hjelset har vi sengepost, poliklinikk og dagbehandling for barn og ungdom. På SNR Kristiansund er det poliklinikk for barn og ungdom.
Som LIS vil arbeidsstaden vanlegvis vere på akuttsjukehuset Hjelset. Avdelinga dekker barn frå fødsel til 18 år med barnemedisinske problemstillingar. Sengeposten er organisert som eit barnesenter for alle barn og ungdom som leggest inn ved sjukehuset, både ved barnemedisinske og kirurgiske problemstillingar. Barnelege bidrar med tilsyn og rådgiving om behov, men det er legane ved dei ulike kirurgiske fagfelta som har behandlingsansvar for kirurgiske pasientar.
Barn og ungdom som treng intesivbehandling over tid blir overflytta til Ålesund eller St. Olavs hospital, mens kortare stabilisering og observasjon også blir tilbydd ved SNR i samarbeid med anestesiavdelinga. Det er kun ved St.Olavs hospital at det er eigen barne-intensiv-avdeling i Helse Midt-Noreg. Ved Ålesund sjukehus får eldre barn behandling på kirurgisk intensiv, mens dei yngste kan leggast inn ved nyfødd intensiv.
I 2025 var det 750 fødslar ved SNR/Molde sjukehus, og i 2026 er det forventa ca 850 fødslar ved SNR. Ved fødeavdelinga tek dei imot fødande frå graviditetsveke 35, i Ålesund frå graviditetsveke 26. Premature fødslar i graviditetsveke 24-26 er sentralisert til St. Olavs hospital i Trondheim. Enkelte gravide er selektert til Ålesund for å føde, for eksempel tvillingsvangerskap, vaginale setefødslar og forhøga BMI. Dette har vi eigne prosedyrar for i føretaket. Anestesilegane har tilstadevakt ved SNR, og er ansvarlege for resuscitering og stabilisering av nyfødde. Barnelege deltek når vi er til stades.
Vi har omkring 919 innleggingar og polikliniske akuttvurderingar innan barnemedisin. Ved poliklinkken for barn og unge SNR har vi om lag 3482 konsultasjonar og 270 dagbehandlingsopphald.Barneavdelinga dekker og barnelegeteneste ved habilitering for barn og unge SNR.
Som LIS hos oss vil du delta i det daglegeg arbeidet på sengepost, poliklinikk og dagbehandling, samt tilsyn og akutte hendingar på føde/barsel. Vi har 6 overlegestillingar og 1 LIS-stilling tilknytta avdelinga. Du vil inngå i vaktordning og vil alltid ha bakvakt når du har vakt. Vaktordninga baserer seg på døgnvakt med heimevakt med 1 times utrykningstid. Dagtidsarbeidet fordeler seg på visitt ved sengepost og akutte vurderingar, poliklinikk og dagbehandling, barseltilsyn og fordjuping. Vi har legestudentar frå NTNU i avdelinga, og vi tar imot ein del utanlands-studenter for praksis innan barnemedisin.
Som LIS i avdelinga vår vil du, etter opplæring, få tildelt varierte oppgåver med gradvis aukande ansvar og kompleksitet. Du har visittansvar på sengepost i samarbeid med overlege, og du vil og ha sjølvstendig poliklinikk. Vi forsøker då å tilrettelegge med omsyn til kva for pediatriske problemstillingar du møter. Vi dekker eit breitt utval av læringsmåla innan generell pediatri, men vi har ikkje nyfødd intensivteneste. For å oppnå kompetanse i dette feltet, inkludert dei heilt små premature og akutt onkologi, samt få litt meir volum på enkelte pasientgrupper er det behov for teneste ved større avdelingar, og du må derfor supplere med teneste ved større avdeling. Alle LIS i barnemedisin treng 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i føretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste. Du kan anten planlegge lenger teneste ved universitetssjukehus eller kombinere med teneste ved avdelinga i Ålesund eller anna sjukehus.
Når du kjem til oss vil du, som noko av det første, få din eigen kompetanseplan med ulike kurs du skal gjere og prosedyrer du skal sette deg inn i for å bli kjent med avdelinga. Du får og tildelt rettleiar. Du har alltid vakt i lag med overlege.
Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Ein dag i veka er det nasjonal undervisning i barnemedisin. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 105 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 30 minutt kvar tirsdag og 45 minutt kvar torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møte ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå første onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.
Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlege nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt føredrag eller anna innlegg på møte/kurs blir det lagt til rette for permisjon og støtte til dette.
Saman med føde/barsel og anestesi blir det arrangert simuleringstrening 1-2 gonger per måned der vakthavende deltek. Det er og simuleringstrening i akuttmottaket med akutt barneteam kvar 4.måned, og det er eigne kurs for AHLR og HHLR på ferdighetssenteret. I sengeposten har vi simuleringstrening dels med eigne intruktørar, dels leia av instruktørar ved ferdighetssenteret. Kvart år går vi gjennom medisinsk teknisk utstyr og trener på praktisk bruk.
Vi er eit lite og oversiktleg miljø der legane jobbar tett i lag, og med godt samarbeid med sjukepleiarane. Det er dermed lett tilgang på spesialist i løpet av dagen, og LIS deler også kontor med overlegar. Supervisjon blir gitt som direkte tilbakemeldingar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personleg oppfølging på vakter.
Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing første onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har for tida inga aktiv forsking ved vår avdeling, men det er mykje aktiv forsking hos kollegane våre på barneavdelinga i Ålesund som våre LIS kan delta i dersom dette er ønskeleg. Fleire av overlegane ved SNR har kurs for å kunne delta i kliniske studier.
Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.
Felles kompetansemål (FKM) er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
FKM er integrert i det daglege kliniske arbeidet. Nokre er dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i føretaket skal delta på. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs som "Forskningsforståelse og kunnskapshåndtering" og grupperettleiingar på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Nokre blir dekt i individuell rettleiing. Alle LIS skal gjere eller bidra i kvalitetsforbetringsarbeid. Dette skal gjennomførast parvis dersom det er ønskeleg, og gjerne internt i eigen seksjon.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet består av ein spesialist og LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette. Vi samarbeider med lege-seksjonen i Ålesund.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.