Spesialisering i generell kirurgi ved Volda sjukehus

Helse Møre og Romsdal (HMR) er det sørlegaste av dei fire helseforetaka i Helse Midt-Norge, og Volda sjukehus er sørlegaste av dei fire sjukehusa i HMR. Sjukehuset ligg heilt på grensa til Vestland fylke og Helse Vest. 

Kirurgisk avdeling er ei felles kirurgisk/ortopedisk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi merkar og eit visst tilsig av pasientar frå Nordfjordregionen og er næraste sjukehuset for om lag 75 000 pasientar. Sjølv om det er ei felles avdeling med ortopedane, er dagaktivitet og dagarbeid atskilt for LIS. Vi har blautkirurgisk behandlingstilbod innan generell kirurgi, gastrokirurgi og urologi, med alle obligatoriske basisfunksjonar ift Legeforeninga sitt vedtak om slike. Det er fødesamarbeid med Nordfjord, slik at Volda har over 500 fødslar i året. Vi har 18 blautkirurgiske senger ved avdelinga for både akutte og elektive innleggingar. Vi er no seks overlegar ved avdelinga, der to er urologar og resten har dobbeltspesialitet i gastro- og generell kirurgi. Seksjonen har 4 LIS. I vaktsamanheng er det felles sekundærvaktlag med LIS i ortopedi slik at som LIS hos oss går du i 7-delt vaktordning der du dekker både blautkirurgi og ortopedi, men med både blautkirurgisk og ortopedisk bakvakt. Vaktsystemet for både LIS og overlegar er basert på heimevakt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS har aktiv vakt til kl 20, deretter passiv heimevakt. Overlegar har passiv vakt frå kl 17. Urologar har vakt 1-2 dagar i veka.

Som LIS 2/3 hjå oss får du stort volum for basale kirurgiske ferdigheiter, og vi forventar rask progresjon. Vi er ein viktig operasjonsmotor i foretaket, og du blir tidleg inkludert i dette. Du får også erfaring med høgspesialiserte kirurgiske prosedyrer etterkvart, og m.a. får du moglegheit til å fullføre alle gastro- og koloskopiar. Kirurgar skoperer 1-2 dagar i veka, og det blir satt av tid på arbeidsplanen for LIS på gastrolab. Det vil ofte være den mest erfarne LIS som blir prioritert til det. Vi har ikkje seksjonert dagkirurgi, noko som kan gi noko utfordringar med logistikk og pasientflyt. Vi har sidan 2011 arbeida med intern operasjonsflyt etter Namsos-modellen, noko som har gitt gode resultat. Vi har samarbeid med Ålesund om galle- og brokkoperasjonar, og opererer hhv ca 90 og 120 slike operasjonar årleg. Vi gjer alle slags akuttkirurgiske inngrep, samt elektive benigne tarmreseksjonar, og utvalde kreftoperasjonar, dei fleste laparoskopisk. Vi driv standard proktologisk verksemd. I HMR vert fedmeoperasjonar gjort i Volda. Tjukktarms- og endetarmskreft blir gjort i Ålesund eller Molde per i dag. 

Du får også høve til å fullføre læringsmål i urologi. Vi har to urologar i full stilling, og urologisk seksjon har ca 1600 polikliniske konsultasjonar i året og betjener befolkninga på Søre Sunnmøre og dei nordlegaste kommunene i Vestland fylke. Alle vanlege urologiske problemstillingar blir utreia ved avdelinga. Den operative verksemda omfattar hovedsakleg transurethral kirurgi med 100-120 inngrep årleg. Det vert gjort alle typar dagkirurgiske inngrep. Større urologisk kreftkirurgi, til dømes nefrektomiar, skjer i Ålesund. 

Vi er akuttsjukehus med traumefunksjon, og driv eit aktivt traumearbeid etter nasjonal traumeplan, og LIS tek del i  praktisk øving med kasuistikk ein gong i månaden. På sjukehuset nyt vi godt av småsjukehusfordelane ifa korte avstandar og eit tett lege- og sjukepleiemiljø. Det fører til at samarbeidet er godt og drifta blir effektiv. 
Arbeidstida er fordelt mellom vakt, postarbeid, intensiv visitt, poliklinikk, operasjon, gastrolab og overvektspoliklinikk i Ålesund. Dette planleggast i vekentlig oversikt og i vaktplanen. I tillegg til å handtere vanlege akutte og elektive urologiske, generell- og gastrokirurgiske tilstandar, driv vi også med overvektskirurgi. Du får høve til å fullføre læringsmål som omhandlar overvektsbehandling, både operasjonar og poliklinikk. Ein blir fordelt mellom dei ulike oppgåvene i vaktplanen og i ei vekentlig oversikt. Vi har ikkje eigne MDT-møter, men har planer om å delta på Ålesund sitt møte. Enn så lenge må LIS oppfylle læringsmål som omhandlar MDT på anna sjukehus.
Ved vår kirurgiske avdeling jobbar LIS og overlegar tett ilag med kvarandre, med ein lett tone og mykje rom for diskusjonar, og der fagleg fokus står i sentrum. Vi er kjent for å rekruttere godt, og vi vel å tru at det er grunna godt arbeidsmiljø, høg fagleg kvalitet og stort fokus på å gi god utdanning. Det er eit stort tilbod av fritidsaktivitetar her og som tilsett LIS hos oss blir du inkludert også i den delen av legelivet i Volda. Vi vil veldig gjerne ha deg som vår nye LIS!

Vi var nyleg omtala i «Kirurgen», og i vedlagte lenke kan du lese om oss. Vi gjengir denne artikkelen etter tillatelse frå redaktør av «Kirurgen».

Avdelinga vår er ein ypperleg arena for ei brei, generellkirurgisk erfaring. Når du startar hos oss vil du vanlegvis, avhengig av tidlegare arbeidserfaring, starte med å oppfylle læringsmåla knytt til del 2 felles kirurgi, og vi estimerer at du treng om lag 2 år på å oppfylle desse læringsmåla. Dei fleste kan du gjere ved alle sjukehusa, men fordi det er litt variasjon i behandlingstilbodet ved dei ulike sjukehusa kan du trenge nokre hospiteringsdagar ved eit av dei andre sjukehusa, td overvektspoliklinikk i Ålesund. Etter kvart som du får meir erfaring og aukar kompetansen din, får du meir krevande oppgåver, og du kan oppfylle læringsmål i del 3 generell og evt gastro kirurgi.  For å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi tilbyr både for del 2 felles kirurgi og del 3 gastrokirurgi vil du trenge minst 3 år ved vår seksjon. Du må i tillegg pårekne minst 1 år ved eit større sjukehus for å oppfylle læringsmåla vi ikkje tilbyr før du er klar for teneste ved universitetssjukehus. Dette er for å oppfylle læringsmål knytt til karkirurgi, og noko kreftbehandling du treng denne tenesta. Med unntak av thoracotomiinngrep og frilegging og anastomosering av arterie, kan operasjonslista for sjølvstendig utførde innrep fullførast ved sjukehusa i foretaket, og dei fleste ved alle sjukehusa. 

Det er behov for 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs hospital i Trondheim for slik teneste. I løpet av denne tenesta må du og gjere nokre læringsmål knytt til thorakskirurgi. For spesialisering i gastrokirurgi har vi også avtale med Oslo universitetssjukehus.

Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Du får og opplæring i vaktarbeid før du startar sjølvstendige vakter, også nødvendig opplæring i ortopediske prosedyrer nødvendig for vaktarbeid.

Internundervisninga er tilpassa læringsmåla og vi følgjer eit undervisningsopplegg over om lag 2 år. Det blir satt opp undervisningslister for haust- og vårhalvår. Både overlegar, LIS-legar held undervisning. Det er 3 faste undervisningsdagar på 45 minutt kvar veke. Ein gong kvar månad er det felles internundervisning for heile sjukehuset.

Det prioriterast at LIS skal få delta på nødvendige kurs så langt mogleg.

Vi har simulering med traumeteamet første fredag kvar månad. Katastrofeøving i foretaket rullerer mellom dei fire sjukehusa, altså kvart 4. år på dei ulike sjukehusa. Her deltek m.a. alle tilknytta kirurgisk avdeling.

Ved avdelinga har vi D-box og det er høve til dagleg trening på denne. Du får og tilbod om å vere med i strukturert utdanningsprogram på D-box.

I heile foretaket arbeider vi med å strukturere inngrep og utstyr. Mellom anna vil vi definere kvart inngrep som ein serie av etappar, der du kan gjere ulike etappar av eit inngrep ut i frå erfaring og kompetanse. Dette trur vi gir betre og raskare operasjonstrening.

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og alle jobbar tett i lag. Det er kort veg for å be om hjelp når ein treng det. Vi har kontinuerlig, tett kontakt i klinisk arbeid kvar dag. På sengepost er det supervisjon med overlege, og på poliklinikken god tilgang på spesialist ved behov. Nye prosedyrer gjer du ilag med spesialist dei første gongane. På operasjonsstova opererer du alltid ilag med overlege til du er sjølvstendig, og du skal alltid avklare inngrep med overlege etter kvart som du blir meir sjølvstendig.

Rettleiing og fagleg utvikling:
Du tildelast rettleiar når du starter og vi tilstreber at du beheld same rettleiar så lenge du er her. Det er tett og dagleg kontakt mellom deg og rettleiar og lav terskel for både formelle og uformelle samtalar ved behov. Saman med rettleiar skal du og oppdatere utdanningsplanen din.

Vi prøver å legge til rette for at våre LIS-legar kan delta i alle tilgjengelege faglege møter både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Det er ingen legar i avdelinga med PhD-grad. Foretaket har ei forskingsavdeling i Ålesund og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på elektroniske tidsskrift i foretaket. Vi har ikkje noko pågåande forskingsprosjekt i avdelinga nok. LIS-legar hos oss blir oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningutvalet ved avdelinga er sett saman av 2 overlegar (ein generell/ gastrokirurg og ein ortoped) og 2 LIS-legar (ein i blautdelskirurgi og ein i ortopedi). LIS-legar er involvert i organisering og forbetring av LIS- utdanninga gjennom arbeidsgrupper og vil i framtida vere involvert gjennom revisjonsarbeid, der tilbakemeldingar frå LIS-legane vil bety mykje.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Jon Hjorthaug, seksjonsoverlege.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 24.04.2023