Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i hjartesjukdommar i Helse Møre og Romsdal

Kardiologi er eit bredt og spennande fagfelt som er både fascinerande og utfordrande. Som kardiolog vil du kunne jobbe både med akutte og kroniske pasientgrupper, og innanfor faget har ein gode moglegheiter for ein variert arbeidskvardag.  Kardiologi blir oftast sett på som ein spesialitet med definerte underkategoriar: Invasiv kardiologi, rytme, imaging, akutt, hjertesvikt og preventiv.

Illustrasjonsbilete hjartet

Ved større sentra og internasjonalt inneber desse faglge inndelingane relativt lite overlappande verksemd. I Helse Midt-Norge er universitetssjukehuset St Olavs Hopsital i Trondheim den invasive verksemda innan koronarsykdom og rytme, i tillegg til at thoraxkirurgi i regionen blir utført der, noko som fører til tett samarbeid med dei øvrige sjukehusa i regionen..

I Helse Møre og Romsdal er kardiologi ein del av Klinikk for Medisin og rehabilitering og er lagt til medisinsk avdeling ved dei fire sjukehusa våre. I Volda og Kristiansund er det useksjonerte medisinske avdelingar, medan i Molde og Ålesund er det seksjonerte medisinske avdelingar der kardiologi er eigne seksjonar med eigen sengepost. Totalt i helseforetaket har vi no 12 kardiologiar som fordeler seg slik:

Volda: 2,5
Ålesund: 5
Molde: 3
Kristiansund: 1,5

Ved alle sjukehusa våre er det stort volum av generell kardiologi. Det er likevel til ei viss grad ei spissing mot dei nemnde underkategoriane i faget.  Dette gjeld i størst grad i Ålesund, som har størst volum og størst del av funksjonsfordelinga i foretaket. Funksjonar lagt til Ålesund er følgande:

  • Implantasjon av hjartestartar og biventrikulær pacemaker
  • Oppfølging av vaksne med medfødt hjartefeil
  • Utredning og oppfølging av pulmonal hypertensjon
  • Myocardscintigrafi som iskemiutgreiing
  • Oppfølging av implantert hjartestartar via heimemonitor skjer i Ålesund for Volda/Ålesund, og skal på sikt skje i Molde for Molde/Kristiansund

Implantasjon av vanleg pacemaker er funksjonsfordelt til Ålesund og Molde. Oppfølging med testing og programmering skjer ved alle sjukehusa. Alle kan og legge temporær pacemaker ved behov.

Utdanning i kardiologi skjer ved alle dei fire sjukehusa. Læringsmål knytt til områder med funksjonsfordelinger som er omtat ovanfor skjer enten ved hospiteringsdager eller rotasjon for klinisk teneste i foretaket. Det kan og vere ein del av ei forlenga spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Ved alle våre sjukehus gjeld at det er nødvendig med teneste ved universitetssjukehus i mellom 1,5 – 2 år. Utdanningsløpet vil framgå av utdanningsplanen som blir laga ilag med deg.


​Spesialisering i hjartesjukdommar ved Volda sjukehus

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Molde sjukehus

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 23.05.2023