Spesialisering i hjartesjukdommar ved Volda sjukehus

Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin og endokrinologi. Vi har og tilsett ein hematolog som er ferdig med si spesialisering i 2020. Avdelinga har til saman 30 senger og er inndelt i einingar etter fagfelt, men det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 7 overlegar og 9 LIS-legar. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS går døgnvakt med heimevaktordning og fri etter vakt. Overlegane dekke bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Primærvakt dekkast av LIS1-legar.

I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar. Medisinsk sekundærvakt tolkar også prehospitale EKG.

Vi er ikkje ein eigen kardiologisk seksjon, men vi er ei lita eining i avdelinga med 2,5 kardiologar og om lag 2 LIS-legar tilknytt oss til ei kvar tid. Vi har ei eiga «gruppe» på sengeposten med dedikerte hjertesenger. På poliklinikken er det høg aktivitet med stor tilgang på kvardagskardiologi. Det er og sjukepleiardrevne polikliniske tilbod med atrieflimmer og hjerterehabilitlering, under supervisjon frå kardiolog. I samarbeid med røntgenavdelinga har vi og tilbod om CT-koronarkar.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du og meir krevande oppgåver og blir og meir tilknytt det kardiologiske faget.

Kardiologi har prosedyrekrav og i foretaket har vi bestemt av vi skal bruke loggbok for LIS i kardiologi for å følge med på utdanninga, i tillegg til at det sjølvsagt skal dokumenterast i kompetanseportalen. I tillegg til prosedyrer og klinisk teneste under supervisjon, baserer utdanninga seg på kurs, ferdighetstrening og supervisjon. Tida du bruker for å oppfylle alle læringsmåla innan kardiologi vil vere individuelt og det er ikkje mogleg å fastslå på førehand kor lang tid dette tar. Tida vil avhenge av individuelle ferdigheter og moglegheiter for ferdighetstrening ut fra pasient- og prosedyrevolum. Dei største læringsmåla i kardiologi har ei lang læringskurve og opplæringa skjer gradvis gjennom heile spesialiseringa – frå å stille indikasjon og bruk, til endelig sjølvstendig utføing av til dømes ultralyd av hjertet. Ferdighetstrening skjer i tilpassa rekkefølge for den enkelte i si spesialisering i samråd med rettleiar og superviserande kardiologar.

Vi estimerer at du vil trenge om lag 4 år kardiologisk teneste hos oss for å få oppfylt dei læringsmål vi kan tilby. Enkelte læringsmål kan du og oppnå ved hospiteringsdagar eller avtale om intern rotasjon til Ålesund eller Molde dersom du ønsker det. Det gjeld i hovudsak for læringsmål som er knytt til delane av kardiologien som er funksjonsdelt i foretaket. Du vil likevel kunne oppnå alle læringsmåla  ved rotasjon til universitetssjukehus. Intern rotasjon er derfor ikkje eit krav, men eit tilbod. Kva som passar best for deg, blir avtalt med deg. Spesialiseringsperiode er avtalt til 24 månader, og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. Du skal då ha 6 månader invasiv kardiologi, 6 månader ved ekkolab, 6 månader ved rytmeseksjon og 6 månader ved hjertemedisinsk overvåking. 

Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.

All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.

Den teoretiske undervisninga for heile avdelinga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 100 minutt i veka. Det vekslar mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg her.

Den kardiologiske undervisninga er fordelt etter tema slik at læringsmåla for spesialiteten blir dekt i løpet av omtrent 2 år. Endringar blir gjort ved behov ved nyhende og etter vårt eige særlege behov. Vi har planlagt kardiologisk internundervisning onsdagar, 45 minutt. Dette kan og vere på skype/video saman med Ålesund. Det er og høve til å delta på videooverført ekkomøte frå St. Olavs Hospital 30 minutt kvar veke. Det er og felles internundervisning for heile sjukehuset ein gong kvar månad.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge). Det er og fast trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr relevant for vaktarbeid 2 gongar i året.

Elles er det mykje god læring i mykje pasientkontakt, og det får du hos oss. Du øver opp ferdigheter med deltaking i det kardiologiske arbeidet ved avdelinga.

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi arbeider tett ilag og det er kort veg for å rådføre seg med spesialist når du treng det. Previsitt og visitt er med supervisjon av kardiolog. Det er alltid tilgang på spesialist for konferering og råd i klinisk arbeid og/eller ferdighetstrening i kardiologiske prosedyrer. Supervisjon ved rettleiar/superviserande kardiolog ved opplæring i prosedyrer skjer ad hoc i sengepost og poliklinikk.

Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det er sett av tid til faste månadlege møter, men god tilgang på samtalar utanom desse faste møtetidspunkta. Ved rettleiing blir det mellom anna systematisk gjennomgang av prosedyrekrav og  læringsmål for kardiologi for å følgje opp progresjon i utdanninga.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Ved avdelinga har vi ein lege som er PhD-stipendiat. Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i kardiologi Helge Ose Velle, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023