Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i hud og veneriske sjukdommar ved SNR Kristiansund

Hudpoliklinikken i Kristiansund er ei lita eining med få legar, men vi dekker eit stort fagfelt og har ansvar for alt frå enkle polikliniske kontaktar til meir alvorlege hudsjukdomar og vurdering av innlagde pasientar ved andre avdelingar. LIS hos oss får dermed tilgang til eit breitt spekter av hudsjukdomar og raskt mengdetrening i å vurdere både enkle og meir komplekse sjukdomsbilete.

Hudpoliklinikken har to overlegar og éin LIS. Vi dekker primært Nordmøre og nordlege delar av Romsdal, som utgjer eit pasientgrunnlag på rundt 60 000 innbyggjarar. Arbeidet hos oss består i dagleg poliklinikk, tilsyn av innlagde pasientar ved andre avdelingar og å svare på spørsmål frå fastlegar og andre legar. Vi behandlar alle typar hudsjukdomar poliklinisk.

Eininga har tilbod om lysbehandling, sårbehandling, småkirurgi, fotodynamisk behandling (PDT), iontoforese, bade- og smørebehandlingar og allergitesting (epikutan- og prikktesting). Ved behov for utfyllande utgreiing eller innlegging samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Utdanninga skjer gjennom dagleg klinisk praksis i poliklinikken ved SNR Kristiansund, i tillegg til samarbeidsmøte med hudpoliklinikken i Ålesund. Du får oppfylt mange av læringsmåla hos oss, men det trengst eitt år spesialiseringsperiode for å fullføre dette. Vi har avtale med St. Olavs hospital om slik teneste. Du vil då vere ved sengeavdelinga, lære meir om venerologi og yrkesdermatologi, og òg lære meir om laserbehandling, grensestrålebehandling og fotoferesebehandling. I tillegg treng du seks månader teneste ved indremedisinsk avdeling, som vi har avtale om at du får gjennomført på SNR Hjelset.

Vi set stor pris på nye kollegaer! Når LIS startar hos oss, blir han eller ho møtt av seksjonsleiar som tek seg av omvising på huset og i seksjonen spesielt. Ein får òg utdelt eit velkomstskriv med informasjon om oss og SNR Kristiansund. Sjukepleiar og sekretær har ansvar for opplæring i praktiske rutinar før ein startar med pasientkonsultasjonar. I starten er det sett av god tid til oppfølging og rettleiing frå spesialist, slik at du raskt blir meir sjølvstendig i arbeidet.

Internundervisninga vår er delt på tre ulike arenaer. Kvar tysdag morgon har vi 30 minutt undervisning på poliklinikken, då er det ofte artikkelgjennomgang. Annankvar torsdag rett etter lunsj er det tradisjonell internundervisning i 30–45 minutt. Dette skjer i samarbeid med hudpoliklinikken i Ålesund ved bruk av Teams/videomøte. Kvar onsdag er det to timar internundervisning via Teams med hudavdelinga ved St. Olavs hospital. Vi planlegg internundervisninga etter tema, slik at alle aktuelle læringsmål vil inngå i internundervisninga.

Som LIS er det fleire kurs du må ta i spesialiteten, og desse får du fri til å delta på, både lokale og nasjonale kurs. Det hender òg at det er aktuelt med kurs i Skandinavia eller elles i utlandet.

Det er alltid utstyr og høve til å trene på suturteknikk. Utover dette er det lite simulering og lite utstyr for annan ferdighetstrening.

Hudpoliklinikken er ei lita og oversiktleg eining der LIS og overlege jobbar tett i lag. Du blir raskt involvert i det meste av behandlinga, og det er kort veg å be om hjelp når du har behov. I starten er det sett av mykje tid til supervisjon for å hjelpe deg godt i gang, slik at du kan arbeide meir sjølvstendig med hjelp når du ønskjer det, og vi samarbeider tett gjennom heile utdanningsløpet.

Rettleiing og fagleg utvikling

Du får oppnemnd rettleiar når du startar, som er overlege ved poliklinikken. De jobbar tett i lag, og du får mykje tett oppfølging frå rettleiar undervegs, både i formelle og uformelle samtalar.

I arbeidsplanen er det sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar per veke. Du deltek òg på samarbeidsmøte/videomøte med Hudpoliklinikken Ålesund, dei andre avtalespesialistane og andre spesialistar etter behov.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​


Vi har ingen pågåande forskingsprosjekt i poliklinikken, men vil legge til rette for at LIS kan få ta del i forskingsprosjekt. Føretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket alle einingane, inkludert dei tre sjukehusa og eitt distriktsmedisinsk senter (DMS), og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. Vi set av tid kvar veke til å gå gjennom aktuelle artiklar for seksjonen.

For å dekke læringsmål knytte til forsking og kunnskapshandtering i dei felles kompetansemåla, er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid. I samband med dette vil du som LIS òg gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er tilsette i forskingsseksjonen og i seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla blir dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseføretaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseføretaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med næraste leiar. I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består no av overlege og seksjonsleiar. Utvalet set opp program for internundervisning og planlegg utdanningsløpet til LIS slik at dette blir best mogleg for å lære mest mogleg. Det er òg ønskeleg at LIS deltek i utdanningsutvalet.

Det er felles YLF-tillitsvalt med revmatologane. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og føretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:

  • Overlege Sylwia Szolc
  • Seksjonsleiar revmatologi og hud, Ida Grøtta Barstad

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 17.11.2025