Spesialisering i medisinsk mikrobiologi ved SNR

Frå laboratoriet ved gamle Molde sjukehus.
Avdelinga har to seksjonar: Mikrobiologi Ålesund og Mikrobiologi Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Mikrobiologi SNR er hovudlaboratorium og utfører størstedelen av diagnostikken for primærhelsetenesta, og har det mest differensierte tilbodet. Det er også her den primære kontorstaden for legane i avdelinga er. Mikrobiologi Ålesund har eit repertoar sett saman for å yte tenester retta mot avdelingane på sjukehuset.
Årleg blir det gjennomført ca. 500 000 analysar delt på fagfelta bakteriologi, mykobakteriologi, virologi og parasittologi. Avdelinga har eit stort analysepertoar og arbeider kontinuerleg med utvikling av tenesta.
Det er tilsett sju legar ved avdelinga; fire overlegar og tre LIS.
Avdelinga har ei seksdelt vaktordning der også overlegar er med i primærsjiktet. LIS har overlege som bakvakt ved sine vakter. Tilstadevakt kvardagar er mellom 08:00 og 16:00 og laurdagar 08:00 – 15:00. Heimevakt til 00:00 alle dagar. Ved heimevakt må du pårekne noko arbeid via heimekontorløysing, i tillegg til telefonkontakt.
For å få spesialiteten Medisinsk mikrobiologi gjennom tilsetting i Helse Møre og Romsdal må du minimum gjennomføre:
- Eit års klinisk teneste ved ein infeksjonsmedisinsk sengepost eller avdeling. Teneste ved andre relevante kliniske avdelingar kan godkjennast i samsvar med unntaksbestemmelsane i retningslinene for spesialiteten.
- Om lag fire års teneste ved avdeling for medisinsk mikrobiologi HMR
- Tre månader teneste ved Avdeling for medisinsk mikrobiologi ved St.Olavs hospital eller anna universitetssjukehus med avtale, organisert som hospitering.
Det er ikkje eit formelt rekkefølgjekrav til dei ulike tenesteperiodane, men vi tilrår å gjennomføre klinisk teneste før teneste ved Avdeling for medisinsk mikrobiologi (AMM). Tilrådinga vil også vere med i vurderinga av søkjarar på stilling ved AMM. Eit solid klinisk grunnlag er viktig for seinare å mestre ei rådgivarrolle overfor kliniske avdelingar.
Nytilsette LIS ved AMM vil gjennom det første året få grunnopplæring i basal mikrobiologi og bli gradvis innført i rådgjevingsarbeid og som deltagar i infeksjonsteam. Første 6-8 månader er avsett til opplæring i bakteriologi, mens påfølgande halvår fokuserer på virologi, infeksjonsimmunologi og molekylærdiagnostikk. Resterande teneste ved AMM består av 2 månaders rotasjonar mellom fagfelta, kor det også i periodar blir sett av tid til å drive utviklings/prosjektarbeid. Periodane ved dei ulike fagfelta er generelt lengre for kandidatar som skal bli mikrobiolog, enn for kandidatar i sideutdanning for spesialitet i infeksjonsmedisin.
Teneste ved avdeling for mikrobiologi ved St.Olavs hospital fokuserer blant anna på avanserte genteknologiske metodar og overordnet smittevernarbeid.
Ved tilsetting i avdelinga får du tildelt ein rettleiar. Rotasjonsplan for første år blir utarbeida og du får opplæring i bruk av datasystema. Etter dette startar du raskt inn i utdanningsprogrammet i bakteriologi. Første del av dette inneheld å bli kjent med laboratoriemetodikk og dei basalfaglege delane av faget.
Det er krav om at LIS deltek som tilhøyrar og forelesar i våre internundervisningar. Dei blir og bedne om å delta som undervisarar ved våre faste undervisningsoppdrag, mellom anna for legestudentar ved NTNU/Ålesund sjukehus.
Faste internundervisningar:
- 1 dag i veka artikkelmøte/case saman med HMR infeksjonsmedisin
- 1 dag i veka artikkelmøte/case regionalt med mikrobiologi og infeksjon
- 1 dag i veka internt artikkelmøte i legegruppa i avdelinga
- 1 dag i veka avdelingsundervisning
I tillegg inngår nasjonal undervisning i mikrobiologi og infeksjonsmedisin, regional undervisning og tverrfaglege møter med infeksjon, ortopedisk og kirurgisk avdeling som inkluderer noko undervisning.
Deltakelse på obligatoriske kurs i spesialiteten gjennomførast så raskt som råd. Spesielt tilrår vi å ta kurs som berre ver gjennomført annankvart år ved første anledning for å sikre rask gjennomføring av utdanninga. I løpet av utdanninga bør du også ha deltatt på eit internasjonalt kurs eller ei konferanse i regi av den europeiske foreninga for infeksjonsmedisin og mikrobiologi.
Dette er ikkje aktuelt for denne spesialiseringa.
Vi baserer oss på meister-svein-utdanninga i introduksjonen til alle nye delar av faget, og du får direkte supervisjon både frå spesialist i mikrobiologi, og frå tilsette med anna fagbakgrunn, som bioingeniørar og molekylærbiologar.
Du får fagleg rettleiing kontinuerleg, og dagleg møter du komplekse infeksjonsproblemstillingar der dei blir drøfta saman med infeksjonsspesialistar og/eller legar frå andre kliniske fag. I løpet av den første rotasjonen til fagfelta blir problemstillingane alltid drøfta med spesialist i eiga avdeling før du gir rettleiing vidare til klinikar. Spesialist deltek først som aktiv part i diskusjon mot klinikarar med LIS som lyttande part, men så snart du er skikka vert rolla snudd slik at spesialist er tilhøyrar og diskusjonen/rådgivinga blir utført av deg som LIS. Du får i etterkant tilbakemelding rundt mellom anna kommunikasjonsform, gjensidig respekt i samtalen, fagleg nøyaktigheit og tilpassing av rådgivinga undervegs ut frå opplysningar frå klinikar. Er begge partane innforstått med usikkerheitsmomenta? Oppnår ein felles forståing for vidare plan? Er ansvaret for vidare oppfølging tydeleg plassert? Det møter alltid ein LIS og ein spesialist på tverrfaglege møte (t. d. visitt intensivavdeling og visitt ortopedisk avdeling).
Våre LIS har tett kontakt med rettleiar/overlege då dei ofte deler kontor. Dette medfører avklaringar fortløpande og fleire uformelle faglege møter og diskusjonar. Rettleiingssamtalar blir i tillegg gjennomført jamnleg, der vi brukar tid til oppdatering av utdanningsplan, tek opp trivsel og fagleg utvikling. Før og i etterkant av undervisning blir det gitt rettleiing og tilbakemelding.
Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.
Mikrobiologi er eit forskingsnært fag, og metodikk brukt i forsking er nyttig også i utviklingsarbeid ved laboratoriet. Avdelinga har forskingssamarbeid med andre mikrobiologiske avdelingar og kliniske forskingsmiljø i og utanfor eige foretak. Vi oppmodar til og legg til rette for at LIS skal involverast i forsking og dessutan utvikle eigne forskingsprosjekt.
Helse Møre og Romsdal har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt eigna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Det er anbefalt at du deltek på det nasjonale kurset i administrasjon og leiing og RegUt sitt rettleiarkurs "Veiledning og supervisjonveiledning og supervisjon". I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet i avdelinga vert leia av utdanningsansvarleg lege, i tillegg er avdelingssjef og LIS-lege deltakar.
Legegruppa til avdelinga er lita, og heile gruppa skal bidra til å halde ved like kvaliteten til utdanninga.
LIS har eigen tillitsvald ved avdelinga, og er representert av hovudtillitsvald for Yngre legers forening SNR.
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med Fabian Åhrberg, utdanningsansvarleg lege.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.