Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i nyresjukdommar i Helse Møre og Romsdal
Nyremedisin er ein spennande spesialitet med stor variasjon mellom pasientgruppene, både i diagnoser, alderssamansetning og prognose og faget famnar om heile indremedisinen. Pasientane våre er frå dei heilt unge vaksne og til siste del av livet.

Vi har gleda av å få bli godt kjent med pasientane våre sidan vi ofte møter dei fleire gonger enten på poliklinikken, sengeposten eller i dialyseavdelinga.
Nokre er innom oss berre ei kort stund og blir friske, mens andre forblir kronisk sjuke og blir fulgt opp av oss i lang tid. Spesialiteten byr på alt frå hastig akuttbehandling med dialyse ved alvorleg akutt nyresvikt til meir tilmålt utgreiing, behandling og oppfølging når det ikkje er hast på same måte.
Dette gir stor variasjon i arbeidsoppgåver og innhald i arbeidsdagen der vi får bruke både faget og oss sjølve i møte med pasientane våre og deira utfordringar.
I Helse Møre og Romsdal er det nyreseksjon ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og Ålesund sjukehus. Der er i tillegg satelittdialyse ved Volda sjukehus som nefrolog ved Ålesund sjukehus har ansvar for.
Alle pasientar som behandlast med peritoneal dialyse i fylket blir fulgt opp av nefrolog i Ålesund. LIS-utdanning innan nefrologi skjer både i Ålesund og ved SNR.
Spesialisering i nyresjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i nyresjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal