Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i øyre-, nase-, halssjukdommar i Helse Møre og Romsdal

ØNH er eit kirurgisk fag som omfattar diagnostikk og behandling av sjukdommar i hovud/hals-regionen. Spesialiteten innbefattar også ein vesentleg ikkje-kirurgisk del, medrekna audiologi, otonevrologi, allergologi og søvnsjukdommar. Som ØNH-lege behandlar vi pasientar i alle aldrar, frå nyfødde til dei aller eldste. Ein stor del av verksemda er poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet.

ØNH-illustrasjon

ØNH-illustrasjon

I Helse Møre og Romsdal har ØNH-faget seksjonar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og Ålesund sjukehus. Begge seksjonane dekker heile ØNH-faget utanom kreftbehandling og cochleaimplantat (CI) som er sentralisert til universitetssjukehusa. Det er ei viss funksjonsfordeling i foøetaket ved at audiopedagogisk seksjon er lokalisert i Ålesund medan otonevrologisk kompetanse er lokalisert ved SNR.

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i øre-, nese-, halssjukdommar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

 

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 17.06.2025