Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Ålesund
Det er ein eigen seksjon for nuklærmedisin organisert under avdeling for radiologi Ålesund/Volda. Undersøkingane gjerast i Ålesund, men tolkast av legar ved St. Olavs Hostpital slik at legane i Ålesund per i dag ikkje er involvert i denne drifta.
Som nytilsett LIS utan erfaring i radiologi vil du gjennomgå eit praktisk opplæringsprogram over 25 veker som sikrar opplæring i basal radiologi innanfor ulike modaliteter, i starten med fokus på å bygge opp vakt-kompetanse. I dette inngår også 1:1 undervisning med alle overlegar ved avdelinga i sentrale tema. LIS startar i vakt etter om lag 2 måneders teneste.
Praktiske prosedyrer som bildeveileda biopsiar og drenasje samt gjennomlysningsundersøkingar blir undervist «hands-on» saman med spesialist. Du vil ganske tidleg få opplæring i enkle prosedyrer, og med aukande erfaring får du også opplæring/trening i vanskelegare prosedyrer. To fredager i månaden kl 08.00-08.45 er det traumesimulering for traumeteamet ved sjukehuset og der deltek den av LIS som har vakt.
Avdelinga vår er oversikteleg og det er fysisk nær avstand mellom spesialistar og LIS i den vanlege arbeidskvardagen, slik at spesialistane er lett tilgjengelig for råd og innspill. Spesialist signerer ut alle tolkingar og prosedyrer utført av LIS med unntak av ultralydundersøkingar utført av erfaren LIS. I samband med signering blir det gitt munnlege eller skriftlege tilbakemeldingar på tolkingar der det må gjerast viktige endringar.
Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.
Vi har ein overlege med PhD og denne overlegen har deltidsstilling som førsteamanuensis ved Seksjon for Sirkulasjon og Billeddiagnostikk ved NTNU. Forskingsinteresserte LIS har dermed gode høve til å få rettleiing dersom ei ynskjer å gjennomføre større eller mindre prosjekt. Vi ønsker oss nysgjerrige LIS som stiller spørsmål ved etablerte prosedyrer og bidreg i å utvikle faget vidare.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus.
Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.
Utdanningsutvalet består av tre overlegar og ein LIS. Det er viktig for oss at LIS engasjerer seg i organiseringa og innhaldet i LIS-utdanninga. Vi tilstreber årlege møter der LIS evaluerer kvaliteten på utdanninga.
Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga, sjukehuset og på foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Arjan Christiansen, seksjonsleder.
Solveig Roth Hoff, leder for utdanningsutvalet.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.