Spesialisering i revmatologi ved Ålesund sjukehus

Revmatologisk seksjon i Ålesund dekker heile Møre og Romsdal fylke med eit befolkningsgrunnlag på snaut 270.000. 

Vår seksjon omfattar sengepost, poliklinikk og dageining (infusjonseining). Sengeposten har 2 senger mandag - fredag. Ordinær arbeidstid er frå 08.00 - 16.00.

I 2020 hadde vi 8.423 polikliniske konsultasjonar og 226 innleggingar. 

På seksjonen jobbar det 5 faste overlegar og 4 LIS. 

Seksjonen dekkar heile det revmatologiske spekteret av pasientar; frå artrittsjukdommar til bindevevssjukdommar og vaskulittar, samt artrose og osteoporose.

Dagen startar med eit morgenmøte kor ein diskuterer og drøftar problemstillingar knytt til innlagde pasientar. Fysioterapeut og ergoterapeut er med på morgonmøte for å drøfte tverrfaglege problemstillingar ein dag i veka. Kvar torsdag er det røntgendemonstrasjon.

Revmakirurg (ortoped) har poliklinikk i seksjonen ein dag i månaden og inngår i tverrfaglege vurderinger av operasjonspasientar.

Infusjonseininga driftast i stor grad av sjukepleiarar med overlege som medisinsk ansvarleg. Alle overlegar og LIS deltar i vaktordninga. På dagtid blir førespurnadar frå fastlege svart ut, og ein tar hand om augeblikkeleg hjelp inkludert interntilsyn.

Etter arbeidstid kl 16.00 har vi beredskapsordning frå kl. 16.00 - 22.00 kor vakthavande lege må vere tilgjengeleg på telefon. Alle overlegar og LIS-legar deltar i beredskapsordninga. Kvar dag har ein av overlegane ansvar for supervisjon av LIS, og vedkommande overlege fungerer då også som bakvakt i tidsrommet 16.00 - 22.00 når LIS er primærvakt. For spørsmål om innlagte pasientar er det mest praktisk at LIS forespør sengepostoverlegen. 

Legane jobbar ikkje på natta eller i helgene. Førespurnadar om inneliggande pasientar utenom beredskapsordninga går då til primærvakt på medisin, kirurgi eller ortopedi avhengig av problemstillinga.​

Utdanningsløpet iht ny ordning inneber 2 år (normert tid) med indremedisin og 2 år ved revmatologisk seksjon i Ålesund. I tillegg er det lagt opp til 1 år spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for læringsmål vi ikkje kan oppfylle hos oss. 

Vi legg til rette for rotasjon til medisinsk avdeling i Ålesund for den indremedisinske tenesta. Dersom du har tatt denne tenesta ved eit anna sjukehus før du kjem til oss vil vi gå gjennom kva for læringsmål du har oppnådd og sørge for at du får den tenesta du manglar for resten av læringsmåla seinare i utdanningsløpet ditt.


Du vel sjølv om du startar utdanningsløpet på indremedisin eller revmatologi. Det kan vere greit å vite at læringsmål for "revmatologisk indremedisin" ikkje samsvarar heilt med læringsmål for "indremedisin".

Spesialiseringsperioden bør vere i siste del av tenesta. Dette for å nyttiggjere seg av den målretta og tilpassa tenesta du vil få ved eit universitetssjukehus. Hensikta er at du skal få tilstrekkeleg volum av pasientar med sjeldne sjukdommar. Vi har avtale med St.Olavs Hospital og Oslo univeristetssjukehus for slik teneste.

Total utdanningstid er 5 år, forutsatt at alle læringsmål er oppnådd.

Du vil bli ønska varmt velkommen på første morgonmøtet! Deretter vil du få ei omvisning i avdelinga og bli introdusert for kollegaene. Du vil også få ein opplæringsplan via Kompetanseportalen. Vi har også samanfatta ei liste over nyttige tema og lenker som LIS vil bli gjort kjend med i løpet av første​ månad. 

Tenesta startar som regel på ein sengepost. LIS roterar ellers mellom sengepost og poliklinikk i bolker på ca 2 månadar. I sengeposten er overlege med på previsitt og visitt alle dagar (mandag - fredag). Som LIS ved revmatologisk seksjon vil du raskt få ansvar under supervisjon. Det er låg terskel for å be kvarandre om råd og rettleiing, og alle LIS vi har hos oss opplev at det er enkelt å få supervisjon når dei treng det.

Du vil gå saman med ein overlege dei første 1 - 2 vekene i poliklinikk. Når du startar med sjølvstendig poliklinikk er det satt av rikeleg med tid. Når du etter kvart når eit visst erfaringsgrunnlag vil du i samråd med rettleiar gå over til standard poliklinisk timeoppsett.

Det er faste internundervisningsdagar mandag (med unntak av allmøte ein gong i månaden), onsdag og fredag (med unntak av rettleiing ein gong i månaden) frå kl. 08.15 - 09.00 i minst 35 veker per år. Undervisingsutvalet set opp undervisingsplan med utgangspunkt i læringsmål slik at alle store emne dekkast i løpet av ei 2-årsperiode.

Obligatoriske kurs (dei 8 anbefalte kursa er i praksis obligatoriske kurs i tråd med den nye utdanningsordninga) blir høgt prioritert. Ønske om kurs meldast inn via Min Arbeidsplan og blir innvilga med få unntak forutsatt at det er meldt inn i god tid før kursstart.

Det er ferdighetstrening i praktiske prosedyrar som ultralyd av ledd (standardprojeksjoner), sener og seneskjeder, ultralydrettleia leddinjeksjon, ultralyd av kar (vaskulittsjukdommar), ultralyd av nerver (carpal tunnel syndrom) og ultralyd av spyttkjertlar (Sjøgren), mikroskopering av leddvæske og endeleg kapillaroskopi. Det er også satt opp HLR-kurs og brannkurs etter gjeldande forskrifter.

Revmatologisk seksjon har ein velfungerande supervisjonsordning, satt i system slik at overlege har satt av tid i vekeplanen til supervisjon av alle LIS. Tilbakemeldingane frå våre LIS er at supervisør (alle overlegar) er lett tilgjengelege og lett å spørre om råd og hjelp til praktisk bistand. Supervisjon er høgt prioritert hos oss. Spesialistkomiteen har også trekt fram dette som eit kjenneteikn og kvalitetsstempel ved vår seksjon.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Seksjonen deltek i fleire forskarinitierte studiar. LIS oppfordrast til å vere med på desse. Ein av overlegane hos oss har PhD innan svangerskap og revmatisk sjukdom og rettleiar ein av våre LIS som har spesiell interesse for dette feltet.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Utdanningsutvalet består av 2 overlegar og 1 LIS.

Utvalet har regelmessige møte der avdelinga sitt undervisningsopplegg blir planlagt og evaluert. Utvalet er også ansvarleg for innsending av rapport til sentrale myndigheiter.​

LIS-kollegiet har eigen tillitsvald som mellom anna følgjer opp arbeidsplanar.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Hallvard Fremstad, medisinsk- og utdanningsansvarleg overlege - telefon  70 10 54 00
Ida Barstad, seksjonsleiar, telefon  70 10 54 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023