Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Kristiansund sjukehus

I Kristiansund finn du Avdeling for distriktspsykiatri Nordmøre og Romsdal. I fellesskap med avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal i Molde har avdelinga tilbod om teneste innanfor alle naudsynte tenesteområde for å oppnå alle læringsmåla i spesialiteten psykiatri. 

Avdeling for sjukehuspsykiatri dekker opptaksområdet for både Molde og Kristiansund sjukehus, men ligg geografisk lokalisert i Molde og på Hjelset, der også det nye fellessjukehuset for Molde og Kristiansund vert bygd. 

Avdeling for distriktspsykiatri har DPS i Molde som dekker opptaksområdet for Molde og DPS i Kristiansund som dekker opptaksområdet for Kristiansund.

Det er til saman 14 LIS3 tilsett ved dei to avdelingane. Alle inngår i ei felles rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i avdelingane. 

Rotasjonsordninga sikrar at du får gjennomført ulike typer teneste ved ulike seksjonar. Gjennom dette er det være lagt til rette for at spesialistutdanninga kan gjennomførast innan normalt forventa tid på fem år. Antallet LIS ved dei enkelte seksjonane vil derfor over tid kunne variere noko utifrå den enkelte sitt utdanningsbehov.

Om dei ulike seksjonane
I Kristiansund skjer LIS-utdanninga ved to seksjonar: 
  • Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund​
  • Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund
DPS: Er bygd opp med poliklinikk som inkluderar allmennteam, ambulant team, FACT-team og ROP-team. I tillegg til dette kjem døgnseksjonen. Poliklinikken tek imot henvisningar frå fastlegar i opptaksområdet, samt frå døgnseksjonane. Nokre pasientar vert henvist direkte til døgnseksjonen. DPSet har eit ambulant akutt-team som har samarbeid med kommunal helse- og sosialteneste og kan ta pasientar til kortare krisebehandling. Ved seksjon for døgnbehandling har vi 2 spesialistar og normalt 1-2 LIS3. Ved poliklinikken har vi 6 spesialistar og 1-2 LIS3. Det er ikkje vaktordning for LIS3 i Kristiansund, men LIS3 kan etter avtale delta i vaktordninga knytt til akuttilbodet ved Hjelset/Molde. 

For naudsynt rotasjon utvover allmennpsykiatrisk poliklinikk og teneste ved døgnseksjonen, må du til Molde for teneste i sjukehuspsykiatrien. ​Ved teneste i sjukehuspsykiatrien vil du og møte på LIS1 som har teneste ved akuttposten.

Seksjon for utgreiing og behandling: Seksjonen gir ECT-behandling, står for utgreiingar som krev innlegging, behandling av spiseforstyrringar og gir traumebehandling. Ved seksjonen er det tilsett 3 overlegar og det er oftast 2 LIS3 tilknytt seksjonen.

Akutt psykisk helse: ​Akutt /ø-hjelpsansvar for pasientar i Nordmøre og Romsdal. Her er det 3 overlegar og normalt 2 LIS3.

Sikkerhetsseksjon B: Seksjonen samarbeider med tilsvarande seksjon på Sunnmøre og eit felles fylkesdekkande tilbod. Ved seksjonen er det 1 overlege og 0-1 LIS3. 

Alderspsykiatri: Alderspsykiatrisk tilbod til pasientar i Nordmøre og Romsdal. Seksjonen har 3 spesialistar og 1 LIS3. 

Vaktordninga er lokalisert til seksjon for akuttpsykiatri. LIS1 deltek i vaktordning saman med LIS3. LIS3 går 14-16-delt tilstadevakt, LIS1 har noko hyppigare vakt. Som LIS3 i Kristiansund deltek du i denne vaktordninga når du har teneste i sjukehuspsykiatrien og eventuelt kan du også vere ein del av den medan du har teneste i Kristiansund dersom det er aktuelt.

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette vert tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Læringsmåla skal oppnåast innan tenesteområda akuttpsykiatri, rehabiliteringsteneste, fordjupningsteneste og allmennpoliklinikk, i tillegg til valfri teneste - totalt minimum 60 månader. Vi har en rotasjonsplan som tek utgangspunkt i minimumstid ved dei ulike tenesteområda for å sikre mengdekompetanse med tanke på å oppnå læringsmål.​

LIS3 tilsett i Kristiansund må ta ein del av tenestetida i Molde med minimum 12 månader ved akuttseksjonen på Hjelset og minimum 9 månader ved ein seksjon for fordjupningsteneste. Utover dette vil det kunne vere naudsynt med noko meir tid for å få nok erfaring med enkelte læringsmål, men det vil avhenge av kva pasientar ein møter. Som LIS3 i Kristiansund vil du og måtte reise til Molde for å dekke krava til psykoterapirettleiing og 70 timar årleg internundervisning.

​Tenesteområde
Antal månader (minimum)
Aktuelle læringsarenaer
​Akuttpsykiatri
​12 månader
​Akutt psykisk helse Molde
​Rehabiliteringsteneste
​9 månader
​Sikkerhetsseksjon B, Døgnbehandling DPS Kristiansund eller Molde, Poliklinikk DPS Molde med FACT-team
​Fordjupningsteneste
​9 månader
​Alderspsykiatri, utgreiing og behandling, Poliklinikk DPS Molde med traumebehandling eller spesialisert angst/ OCD-behandling
​Allmennpoliklinikk
​12 månader
​Poliklinikk DPS Kristiansund eller Molde

​Valfri teneste
​18 månader
​Alle læringsarenaer er aktuelle
Kontinuitet er viktig for å oppnå læringsmål. Dersom LIS3 får avbrutt teneste i ein rotasjon kan det verte aktuelt å bruke noko av den valfrie tenesta på å ta igjen den tida. Rotasjonen legg opp til at ein kan fullføre spesialistutdanninga på 60 månader, men det vert lagt til rette for å utvide dette dersom det er naudsynt. Pasienttilstrømming vil også kunne påverke noko kva for læringsmål du faktisk oppnår i dei ulike rotasjonane, men i sum vil du komme innom alt.

Poliklinikk: Du vil få erfaring i utgreiing og spesifikk psykiatrisk diagnostikk. Både utgreiin og vidare behandling vert utforma saman med pasienten og eventuelle kommunale aktørar. Som LIS3 får du erfaring med spesifikke terapeutske intervensjonar inkludert medikamentell behandling. Noko av tida i poliklinikken kan nyttast i ambulant akutt-team for å få erfaring med å vurdere krisesituasjonar. Ved teneste i spesialpoliklinikk får du meir inngåande kjennskap til utfordringar knytt til spesifikke pasientgrupper.

Døgnseksjon: Ved DPS er døgnbehandling normalt ledd i ei poliklinisk eller ambulant behandling. Som LIS3 får du god erfaring med tverrfagleg arbeid, mellom anna miljøterapi i tillegg til bruk av utredningsverktøy, diagnostikk og behandling. I døgnpost på sjukehus får du erfaring med spesifikke diagnostiske verktøy, observasjon over tid og tverrfagleg samarbeid og vidare behandling. Som LIS3 er du ein del av det tverrfaglege teamet. Her ligg det godt til rette for vurderingar saman med overlege. Ved døgnavdelingane får du erfaring med suicidal- og voldsrisikovurdering, medikamentell behandlig over tid og om korleis Lov om psykisk helsevern kan bidra tl ei god og naudsynt ramme for behandlinga. Du vil og ha samarbeid med pårørande. I ulike faser av behandling vil du oppnå læringsmål knytt til kontakt med fastlege og andre kommunale helse- og sosialtenester.

Akuttilbodet: Døgnbehandling i akuttseksjonen gir volumerfaring for vurdering av suicidalitet og voldelighet, rusmiddelbruk, rammer for å kunne gi god behandling i den akutte fasen, bruk av medikament og tiltak etter Lov om psykisk helsevern. Ei særskild utfordring i akuttpost er å forstå korleis ulike kulturar gir uttrykk i en akuttsituasjon.

Psykoterapirettleiiing vert gitt av godkjend rettleiar. Dette vert gitt uavhengig av kva læringsarena du til ei kvar tid er tilknytt.

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. På den aktuelle seksjonen blir dei første dagane brukt til introduksjon og arbeidet det er forventa at du som LIS skal gjere der. Du får tildelt klinisk rettleiar og rettleiinga startar i løpet av dei første to vekene.

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmords- og valdsrisiko, samt aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Vi har felles internundervisning kvar veke på tirsdagar frå kl 12-14 for LIS3 ved alle seksjonar i Molde og Kristiansund i minimum 70 timer(minst 35 uker) i året. Undervisningen er obligatorisk for alle LIS3. LIS3 kan ta igjen eventuelt fravær fra undervisning med gjennomgang av aktuelt tema med veileder.

 Vi har også såkalla litteraturmøte felles for LIS3 og spesialistar tirsdagar kl 14-15 i vårsemesteret. Det blir då lagt fram ulik relevant litteratur og kliniske problemstillingar/kasuistikkar. Kvar 4. veke er det fokus på aktuelle organisatoriske saker i et eget legemøte.

Vi har ein eigen 4-årig plan for internundervisning som samlet dekker teorigrunnlaget for dei ulike læringsmåla. Hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av LIS3-undervisninga går på omgang mellom alle spesialistane tilsett ved seksjonane i Molde og Kristiansund. Både spesialistar og LIS3 har framlegg i undervisningen.

Alle LIS3 oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS3 får du fri med løn til deltaking på nasjonalt obligatorisk grunnkurs i psykiatri, samt dei obligatoriske emnekursene og valfrie kurs etter behov.

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS3 inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøter, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing. I ferier og ved fravær dekker andre spesialistar opp for fast rettleiar. Du vil bytte rettleiar når du roterer til ny seksjon.

Kvar månad er det grupperettleiing som kjem i tillegg til individuell rettleiing. LIS3 er inndelt i 2 grupper leia av overlege. Gruppene tek opp fastlagte tema frå læringsmåla både i psykiatri og i felles kompetansemål. Gjennom dette får ein drøfta ei rekke etiske tema.

Vi har eigne godkjende rettleiarar for å dekke behovet for rettleiing i psykodynamisk og kognitiv terapi.

Det er satt av tid tilsvarande 4 timar pr veke til fordjupningstid.

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.​

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Vi oppmodar deg som LIS til å delta i kvalitetsforbedringsprosjekt og andre prosjekt knytt til forsking. Det blir med jamne mellomrom arrangert ELF-kurs der du kan delta. Spesialistar i psykiatri med akademisk kompetanse har med jamne mellomrom innlegg på LIS-undervisninga for å understøtte og bidra til at du oppnår læringsmål knytt til forsking. I tillegg får ein vitskapleg gjennomgang av artiklar på vekentlege tidsskriftsmøter.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Felles kompetansemål vert integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt egna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Fleire av læringsmåla vert dekt gjennom felles kurs på tvers av ulike spesialitetar organisert av helseforetaket. Sistnemnte gjeld mellom anna for kunnskapshandtering, forbetringsarbeid og forskingsforståing der den enkelte LIS skal delta på ei oppsett kursrekke i regi av helseforetaket. Som del av kurs i kunnskapshandtering og forbetringsarbeid skal det gjerast ei prosjektoppgåve i forbetringsarbeid. Denne kan gjennomførast i grupper dersom dette er ønskeleg, og gjerne internt i eiga avdeling. Tema for prosjektoppgåva bør drøftast med rettleiar og skal og avklarast med nærmaste leiar. I tillegg vert fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på. 
Det er ønskeleg at felles kompetansemål vert fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den einskilde skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetjing av ny LIS har arbeidsgjevar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne vert utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved indremedisinsk avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkjørt planlegging av utdanninga til LIS-legane i avdelinga er det naudsynt å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Dei psykiatriske avdelingane ved Molde og Kristiansund sjukehus har felles utdanningsutval. Dette består av 3 overlegar, 1 LIS, 1 psykoterapirettleiar og ein avdelingssjef. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest om lag 2 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det arrangert samling for alle LIS og overlegar i psykiatri i Molde og Kristiansund to gonger pr. semester der ulike aspekt ved spesialistutdanning blir drøfta. LIS3 har eiga samling først, deretter samling for alle og til slutt samling for berre overlegane. LIS3 har til ei kvar tid høve til å kome med innspel og forbetringsforslag. Endrings- og forbetringsforslag blir drøfta både i utdanningsutvalet og ved dei to samlingane kvart semester der alle deltek.

Det er felles YLF-tillitsvalt for Molde/Kristiansund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Har du spørsmål knytt til spesialistutdanninga, kontakt
Utdanningsansvarlig overlege Geir Magne Nødtvedt, 
geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 02.05.2023