Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

I Molde finn du Avdeling for distriktspsykiatri (DPS) Nordmøre og Romsdal og Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal. I fellesskap har avdelinga tilbod om teneste innan alle nødvendige tenesteområde for å oppnå alle læringsmåla i vaksenpsykiatri.

Ved alle seksjonar vil du som LIS vere ein viktig og sentral del av den daglege drifta gjennom deltaking i vaktordning, mottak av pasientar samt oppfølging av inneliggande og polikliniske pasientar.

Totalt er det 14 LIS3 og 6 LIS1 ved dei to avdelingane. Alle LIS3 inngår i ei felles rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i avdelingane.

Rotasjonsordninga sikrar at du får gjennomført ulike typer teneste ved ulike seksjonar. Gjennom dette er det lagt til rette for at spesialistutdanninga kan gjennomførast innan normalt forventa tid på fem år. Talet på LIS ved dei enkelte seksjonane vil derfor over tid kunne variere noko utifrå den enkelte sitt utdanningsbehov.

LIS er ein del av vaktordniga lokalisert til Akuttpsykiatri SNR uavhengig av seksjonen ein jobbar på i det daglege. LIS1 og LIS3 deltek i samme vaktordning.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal

På Hjelset, om lag 2 mil frå Molde sentrum, ligg sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal i tilknytning til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romdal (erstatta sjukehusa i Molde og Kristiansund i 2025).

Her finn ein 4 seksjonar:

  • Akuttpsykiatri SNR
  • Sikkerhetspsykiatri SNR
  • Psykosebehandling SNR
  • Allmenn- og alderspsykiatri SNR

Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal

Avdelinga omfattar både Molde og Kristiansund med omland.

DPS Molde ligger bynært og består av følgjande einingar:

  • DPS poliklinikk Molde
  • DPS døgnbehandling Molde

DPS Kristiansund består av følgjande einingar:

  • DPS poliklinikk Kristiansund
  • DPS døgnbehandling Kristiansund

DPS Molde

DPS Molde er bygd opp med poliklinikk som inkluderar allmennteam, ambulant akutt team, FACT-team og fleire spesialteam (ROP-team, DBT-behandling og angstbehandlingsteam). I tillegg til dette kjem døgnseksjonen. Poliklinikken tek imot tilvisingar frå fastlegar i opptaksområdet, samt frå døgnseksjonane. Nokre pasientar blir tilvist direkte til døgnseksjonen. DPSet har eit ambulant akutt-team som har samarbeid med kommunal helse- og sosialteneste og kan ta pasientar til kortare krisebehandling. Ved poliklinikken er det spesialistar i psykiatri, inklusiv godkjent rettleiar innan psykodynamisk psykoterapi og kognitiv terapi.

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette blir tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmåla kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Læringsmåla skal oppnåast innan tenesteområda akuttpsykiatri, rehabiliteringsteneste, fordjupningsteneste og allmennpoliklinikk, i tillegg til valfri teneste - totalt minimum 60 månader. Vi har ein rotasjonsplan som tar utgangspunkt i minimumstid ved dei ulike tenesteområda for å sikre mengdekompetanse med tanke på å oppnå læringsmål.

Læringsarenaer

  • Akuttpsykiatri: Akuttpsykiatri SNR. Tenestetid: minimum 12 månader.
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk: DPS poliklinikk Molde. Tenestetid: minimum 12 månader.
  • Rehabilitering: DPS døgn Molde, Psykosebehandling SNR, DPS poliklinikk Molde – FACT Romsdal. Tenestetid: minimum 9 månader.
  • Fordjupingsteneste: Allmenn- og alderspsykiatri SNR, Sikkerhetspsykiatri SNR, DPS poliklinikk Molde – traumebehandling, DPS poliklinikk Molde – 4 dagers angstbehandling og BUP Molde.
Poliklinikk

Her får LIS3 erfaring i utgreiing og spesifikk psykiatrisk diagnostikk. Både utgreiing og vidare behandling blir utforma i lag med pasienten og eventuelt kommunale aktørar. LIS3 får erfaring med spesifikke terapeutiske intervensjonar inkludert medikamentell behandling. Under poliklinikktenesten kan noko tid brukast i ambulant akutt-team for å få erfaring med vurdering av krisesituasjonar.

Ved teneste i spesialpoliklinikkar får LIS3 meir inngåande kjennskap til utfordringar knytt til spesifikke pasientgrupper.

Døgn

Ved DPS er døgnbehandling vanligvis ledd i ein poliklinisk eller ambulant behandling. LIS3 får god erfaring med tverrfagleg arbeid, blant anna miljøterapi i tillegg til bruk av utgreiingsverktøy, diagnostikk og behandling. 

I døgnpostar på sjukehus får LIS3 erfaring med spesifikke diagnostiske verktøy, observasjon av pasientar over tid og tverrfagleg samarbeid for diagnostikk og vidare behandling. LIS3 går inn som ein del av det tverrfaglege teamet. Her ligg det godt til rette for å ha vurderingar saman med overlege.

LIS3 får ved døgnavdelingane erfaring med suicidal- og valdsrisikovurdering, medikamentell behandling over tid og korleis Lov om psykisk helsevern kan bidra til ein god/nødvendig ramme for behandling. LIS3 går også inn i samarbeid med pårørande. I ulike fasar av behandlinga, oppnår ein læringsmål knytt til kontakt med fastlege og øvrige helse- og sosialteneste i kommunen.

Akutt-tilbudet

Døgnbehandling i Akuttseksjonen gir volumerfaring på vurdering av suicidalitet /valdelegheit, type rusmiddelbruk, kva rammer som må settast for å gi god behandling i den akutte fasen, bruk av medikament og tiltak etter Lov om psykisk helsevern. Ein spesiell utfordring i akuttpost er å forstå ulike kulturar sine uttrykk i ein krisesituasjon.

Psykoterapirettleiing blir gitt av godkjente rettleiarar. Denne rettleiinga blir gitt uavhengig av tenestestad.

 

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. Første dag blir du tatt imot av din seksjonsleiar og du vil få introduksjon til og informasjon om arbeidet som LIS3. Du får tildelt klinisk rettleiar ved oppstart og rettleiinga startar i løpet av dei to første vekene. 

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og voldsrisiko, samt aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Du har følgevakt med introduksjon til vaktarbeid før du startar i sjølvstendige vakter.

Vi har felles internundervisning kvar veke på tirsdagar frå kl 12-14 for LIS ved alle seksjonar i Molde og Kristiansund i minimum 35 veker i året (mimum 70 timar i året). Undervisninga er obligatorisk for alle LIS3. Ved fravær kan ein ta igjen ein gjennomgang av aktuelt tema med rettleiar. 

Vi har og det vi kallar litteraturmøter for både LIS3 og spesialister kvar tirsdag i vårhalvåret kl 14-15. Ein legg då fram ulik relevant litteratur og kliniske problemstillingar/kasuistikkar. Kvar 4. veke er det fokus på aktuelle organisatoriske saker i eit eige legemøte

Vi har ein eigen  4-årig plan for internundervisning som dekker teorigrunnlaget for dei ulike læringsmåla. Hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av LIS3-undervisninga går på omgang mellom alle spesialistane tilsett ved seksjonane i Molde og Kristiansund. Både spesialistar og LIS har framlegg i undervisninga.

Alle LIS3 oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS3 får du fri med løn til deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs i psykiatri, samt emnekurs og valfrie kurs etter behov og andre nasjonalt anbefalte kurs i spesialistutdanninga. Både LIS og overlegar får støtte til å delta på viktige kurs.

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS3 inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøte, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing. I feriar og ved fråver dekker andre spesialistar opp for fast rettleiar. Du vil bytte rettleiar når du roterar til ny seksjon.

Kvar månad er det grupperettleiing leia av overlege og dette kjem i tillegg til individuell rettleiing. Gruppene tek opp fastlagte tema frå læringsmåla både i psykiatri og i felles kompetansemål. Gjennom dette får ein drøfta ei rekke etiske tema.

Vi har eigne godkjende rettleiarar for å dekke behovet for rettleiing i psykodynamisk- og kognitiv terapi.

Det er sett av 4 timar pr veke til fagleg fordjupning.

Kvar enkelt læringsaktivitet og læringsmål blir fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er LIS si oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det bli gjennomført regelmessig kompetansevurdering slik vi har beskrive over. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål blir vurdert og godkjent og at dette blir dokumentert i Kompetanseportalen.​

Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande med aktivitet ved alle tre sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.

LIS blir oppmuntra til å delta i kvalitetsforbetringsprosjekt og forskingsrelaterte prosjekt. Spesialistar med akademisk kompetanse eller interesse bidreg med innlegg i LIS-undervisninga for å støtte opp under læringsmåla knytt til forsking.

I Molde har vi fleire overlegar med PhD. Desse tilbyr rettleiing innan forsking og utviklingsarbeid i klinikken.

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kollegaer, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.

Felles kompetansemål er integrert i det daglege kliniske arbeidet. I tillegg er fleire av desse læringsmåla godt eigna til tema for både individuell rettleiing og grupperettleiing. Det er anbefalt at du deltek på det nasjonale kurset i administrasjon og leiing og RegUt sitt rettleiarkurs "Kurs for leger i veiledning og supervisjon". I tillegg blir fleire læringsmål i FKM dekt i eit obligatorisk kurs om supervisjon, rettleiing og kommunikasjon som alle LIS i foretaket skal delta på.

Det er ønskeleg at felles kompetansemål blir fullført før ein reiser i rotasjonsteneste til universitetssjukehus. ​

Felles kompetansemål for LIS 2/3

Alle LIS skal ha ein individuell utdanningsplan. Denne skal beskrive både innhaldet i spesialistutdanninga og ein plan for korleis den enkelte skal gjennomføre sitt spesialiseringsløp. Den individuelle utdanningsplanen skal vere eit verktøy for planlegging og oppfølging av deg som LIS. Ved tilsetting av ny LIS har arbeidsgivar ansvar for å lage ein individuell utdanningsplan. Det er naturleg at denne blir utarbeidd i samråd med deg som LIS og rettleiar. I den individuelle utdanningsplanen skal det framgå mellom anna når ein ser føre seg å gjennomføre dei ulike rotasjonane, sentralteneste ved universitetssjukehus og teneste ved anna avdeling. Dette kan naturleg nok endre seg undervegs, men for best mogleg samkøyrt planlegging av utdanninga til fleire LIS i avdelinga er det nødvendig å kunne legge overordna planar litt fram i tid.​

Dei psykiatriske avdelingane ved Molde og Kristiansund sjukehus har felles utdanningsutval. Dette består av 3 overlegar, 1 LIS, 1 psykoterapirettleiar og ein avdelingssjef. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest om lag 2 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det arrangert samling for alle LIS og overlegar i psykiatri i Molde og Kristiansund to gonger pr. semester der ulike aspekt ved spesialistutdanning blir drøfta. LIS3 har eiga samling først, deretter samling for alle og til slutt samling for berre overlegane. LIS3 har til ei kvar tid høve til å kome med innspel og forbetringsforslag. Endrings- og forbetringsforslag blir drøfta både i utdanningsutvalet og ved dei to samlingane kvart semester der alle deltek.

Det er felles YLF-tillitsvalt for Molde/Kristiansund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Har du spørsmål knytt til spesialistutdanninga, kontakt
Utdanningsansvarlig overlege Geir Magne Nødtvedt, geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 26.06.2026