UTDANNING OG KOMPETANSE
Rettleiarar og studentar førebur seg til praksis
Om få veker startar 2.- og 3. års sjukepleiestudentar i praksis i HMR. Kva forventningar har studentane og korleis førebur rettleiarane seg på å ta imot dei?
I veke 35-42 vil om lag 500 studentar starte praksisen sin i sjukehusa i HMR. Studentane skal ut på alle sengepostar og ha medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk praksis.
![Christian Hjelme og Anja Kronstad.png](/4a7ea1/contentassets/29086df7080245d78fe9dc031f0cdbd5/christian-hjelme-og-anja-kronstad.png?width=516&height=344&quality=80&format=webp)
Studentane Christian og Anja frå NTNU ser fram til å sette teori ut i praksis ved sjukehuset i Ålesund
Viktig arbeid også for rekruttering
![Synnøve Tolo og Renate Fylling.jpg](/4a7ea1/contentassets/29086df7080245d78fe9dc031f0cdbd5/synnove-tolo--og-renate-fylling.jpg?width=4032&height=2688&quality=80&format=webp)
Studentane som kjem til seksjonen kan bli våre framtidige kollegaer og vi gler oss til å bli kjent med dei, seier Synnøve Tolo og Renate Fylling
Synnøve Tolo er fagsjukepleiar og har god erfaring med å ta i mot studentar:
-Vi legg vekt på at studentane lærer i tett dialog med rettleiar og at rettleiar er med i prosessen. Det er og viktig at ein saman med studenten disukterer korleis situasjonane er handtert, kva som kunne vore gjort annleis og kva som gjekk bra. Som rettleiar er det viktig at ein fin ein god balanse mellom å trygge og utfordre den einskilde studenten.
Seksjon for utdanning og kompetamse har ansvar for praksisplasshandteringa i HMR. Utdanningssjef Guro Berge vil rette ei stor takk til alle seksjonar som tar imot studentar gjennom heile året.