Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simulering

Simulering gir helsepersonell høve til å øve på realistiske pasientsituasjonar i trygge og autentiske omgjevnader. Treninga kan variere frå enkel ferdigheitstrening til avansert fullskalasimulering. For å styrke den faglege kompetansen og fremje pasienttryggleik satsar HMR på simulering som eit sentralt pedagogisk verkty.

Eit viktig mål med simuleringsarbeidet er å trene på realistiske pasientsituasjonar og på denne måten styrke utdanning og kompetansebygging for helsepersonell. Som ein konsekvens av dette aukar også pasienttryggleiken. I tillegg bidreg standardisert simulering til å bygge kompetanse på tvers av fagområda. I fleire scenarier vil ein til dømes trene i eit tverrprofesjonelle team.

​Simulering er ein viktig del av læringssløyfa for spesialisert helsepersonell. I fjor høst blei det gjennomført eit pilotprosjekt, kjend som SimiLis, med simulering på alle sjukehusa. 

I HMR er simulering organisert i form av VirtSim som leias av ein teamkooordinator og med lokale koordinatorar og ressursar på kvart sjukehus. 

Videoar om helsefagleg simulering

Å øve i trygge rammer bidreg til auka kvalitet og utvikling av klinisk praksis. I samarbeid med NTNU har vi laga en serie med korte filmar som viser eit simuleringsscenario frå A til Å, med planlegging, gjennomføring og evaluering.
Videoar om helsefagleg simulering
Et uskarpt bilde av en mann og en kvinne
Sist oppdatert 29.01.2026