Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simulering

Simulering gir helsepersonell høve til å øve på realistiske pasientsituasjonar i trygge og autentiske omgjevnader. Treninga kan variere frå enkel ferdigheitstrening til avansert fullskalasimulering. For å styrke den faglege kompetansen og fremje pasienttryggleik satsar HMR på simulering som eit sentralt pedagogisk verkty.

Eit viktig mål med simuleringsarbeidet er å trene på realistiske pasientsituasjonar og på denne måten styrke utdanning og kompetansebygging for helsepersonell. Som ein konsekvens av dette aukar også pasienttryggleiken. I tillegg bidreg standardisert simulering til å bygge kompetanse på tvers av fagområda. I fleire scenarier vil ein til dømes trene i eit tverrprofesjonelle team.

​Simulering er ein viktig del av læringssløyfa for spesialisert helsepersonell. I fjor høst blei det gjennomført eit pilotprosjekt, kjend som SimiLis, med simulering på alle sjukehusa. 

I HMR er simulering organisert i form av VirtSim som leias av ein teamkooordinator og med lokale koordinatorar og ressursar på kvart sjukehus. 

VirtSim – simulering i Helse Møre og Romsdal

VirtSim er Helse Møre og Romsdal sitt dedikerte team for simulering og ferdigheitstrening. Teamet koordinerer, støttar og kvalitetssikrar simuleringsaktivitet på tvers av sjukehusa.

Oppgåver

  • Byggje og samordne simuleringskompetanse
  • Kartleggje og rapportere aktivitet
  • Støtte opplæring, utdanning, evaluering og forsking
  • Samarbeide regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Visjon
Tryggare pasientbehandling og høgare kvalitet gjennom realistisk simulering i trygge læringsmiljø.

Bakgrunn for namnet VirtSim
Namnet speglar satsinga på digitale løysingar for samhandling på tvers av sjukehusa. VirtSim støttar in‑situ‑øvingar og kunnskapssenter i Ålesund, Volda og SNR Hjelset, og nyttar SimCapture til gjennomføring, deling og debrief av simuleringsaktivitetar.

Sist oppdatert 09.04.2026