Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Eit «hurtigsjukehus» i sjukehuset skal styrkje pasienttryggleiken

Akutt24 er i gang med eit nytt prosjekt i samarbeid med VirtSim for å bygge kompetanse innan simulering. Prosjektet fekk høsten 2025 tildelt regionale utdanningsmidler for å sende tilsette på fasilitatorkurs. Eit grep som skal gi tryggare tilsette og betre pasientbehandling

Publisert 13.11.2025
Et rom med et skrivebord og en person som sitter ved et skrivebord
Målet med akutt24 er klart: Pasientane skal diagnostiserast, behandlast og skrivast ut innan 24 timar.

 Seksjonen har vore i drift sidan april, tek imot rundt 350 pasientar i månaden og gjer ein viktig jobb med opplæring og rettleiing av sjukepleiestudentar 
– Med auka levealder og eit stadig større press på spesialisthelsetenesta, er det behov for meir differensierte pasientforløp. Akutt24 skal sikre gode og effektive pasientforløp for pasientar som ikkje treng innleggelse på ordinær sengepost. Målet er klart: Pasientane skal diagnostiserast, behandlast og skrivast ut innan 24 timar, seier seksjonsleiar Beate Elien Svanemsli Lyngvær.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Seksjonsleiar Beate Elien Svanemsli Lyngvær og assisterande seksjonsleiar Trine Olsen i front saman med det engasjerte teamet ved Akutt24. Seksjonen satsar på simulering for å styrkje pasienttryggleiken og kompetansen til tilsette noko som kjem studentane til gode.

 

Eit breitt fagmiljø med stort opplæringsbehov

Akutt24 dekkjer dei fleste fagområde innan spesialisthelsetenesta – inkludert kirurgi, ortopedi, nevrologi, indremedisin, kardiologi, øyre-nase-hals og gynekologi. Seksjonen består av tilsette med ulik fagleg bakgrunn og erfaring, noko som gir stor breidde i kompetanse, men også eit omfattande opplæringsbehov.
– Vi står føre ei krevjande, men spanande oppgåve med å etablere felles rutinar, prosedyrar og arbeidsprosessar som må lærast og implementerast på ein trygg og effektiv måte, seier Lyngvær.

Satsar på simulering for auka pasienttryggleik

For å bygge ein berekraftig opplæringsplan har Akutt24 valt å satse på simulering som pedagogisk metode. Gjennom eit prosjekt i samarbeid med VirtSim i Fagavdelinga skal tilsette få opplæring i realistiske kliniske situasjonar – både tekniske og i teamarbeid.
– Simulering er eit effektivt verktøy for å trene både prosedyrar og samhandling. Det gir tryggleik og kvalitet i pasientbehandlinga, og er spesielt nyttig fordi vi dekkjer eit så breitt spekter av fagområde, forklarar Lyngvær.
Prosjektperioden varer frå oktober 2025 til oktober 2026, og inneber mellom anna utdanning av eigne fasilitatorar gjennom kurs i regi av VirtSim, opplæring i bruk av simuleringsutstyr og utvikling av ein heilskapleg opplæringsplan tilpassa seksjonen sitt behov. 

En collage av et rom med skrivebord og datamaskin
Akutt24 ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har moderne fasilitetar. Seksjonen satsar på simulering som opplæringsmetode for å gi tryggare tilsette og betre pasientbehandling – eit prosjekt som får støtte frå såkornmidlar

 

Tryggare tilsette – tryggare pasientar

Seksjonen har fått regionale såkornmidlar til å gjennomføre prosjektet. Midlane skal brukast til kurs, frikjøp av tilsette og innleige i samband med opplæringa.
– Det betyr mykje å få eit lite økonomisk bidrag til dette i ei krevjande tid. Kompetanseheving er noko av det viktigaste vi gjer for pasientane våre. Simulering bidreg til auka pasienttryggleik og tryggare tilsette, seier Lyngvær.

Simulering bidreg til tryggare tilsette og god pasientbehandling – derfor er dette ei investering vi ønskjer å støtte. Prosjektet styrkjer både opplæring og rettleiing og fell rett inn under måla for desse regionale utdanningsmidlane,» seier utdanningssjef Guro Berge

Gode erfaringar og høgt engasjement

Tilbakemeldingane frå dei tilsette har så langt vore svært positive. Allereie før oppstart har fagsjukepleiarar drive internundervisning og kompetanseheving kvar veke.
– Engasjementet har vore stort. Vi har eit lag som verkeleg ønskjer å bidra til å byggje opp noko nytt og framtidsretta, seier Lyngvær.
Ho trekkjer spesielt fram den viktige innsatsen frå assisterande seksjonsleiar Trine Olsen og fagsjukepleiarane, som i stor grad har bidrege til opplæring og kompetanseheving av personalet.
– Og ikkje minst har vi ei engasjert og positiv personalgruppe – ein super gjeng – som er opptekne av pasienttryggleik og å sikre god kvalitet i pasientbehandlinga, legg ho til.

Skal hauste erfaringar 

På kort sikt skal prosjektet bidra til høgare kompetanse og tryggleik i møte med pasientane. På lengre sikt håpar seksjonen å etablere simulering som ein naturleg del av opplæringa, og dele erfaringane med andre seksjonar i Helse Møre og Romsdal.
– Dette blir eit spanande prosjekt som vi heilt sikkert kan dele erfaringar frå etter kvart. Vi er framleis i ein oppstartsfase – fortsetjing følgjer, avsluttar Lyngvær.