Intensivsjukepleiarstudentar besøkte Klinisk forskingspost
Korleis går klinisk forsking føre seg i praksis, og kva moglegheiter finst for spesialsjukepleiarar som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med forsking og fagutvikling? Dette var blant anna tema då intensivsjukepleiarstudentar som har praksis ved intensiv Ålesund besøkte Klinisk forskingspost (KF) i Ålesund
Besøket var ein læringsaktivitet initiert av prosjektleiar Ragnhild Korshamn i KLUe. Målet var å gi studentane innsikt i arbeidet ved Klinisk forskingspost, presentere moglegheiter innan forsking og leggje grunnlag for samarbeid mellom utdanning, forsking og klinisk praksis.
– Eit viktig mål i KLUe-prosjektet er å fremje kvalitet, fagutvikling og kunnskapsbasert praksis. Vi ønskjer å synleggjere at den akademiske delen av intensivsjukepleiarutdanninga har praktisk betydning i klinikken. Masterkompetansen handlar ikkje berre om å oppnå ein grad, men om å få verktøy som kan brukast aktivt i klinisk arbeid og utvikling av praksis, seier prosjektleiar i KLUe, Ragnhild Korshamn.
Kva er KLUe?
KLUe – Klinisk utdanningsenhet ved intensiv – er ei samarbeidsordning mellom NTNU og intensivavdelinga i Ålesund. Målet er å knyte utdanning og klinikk tettare saman gjennom praksisnær undervisning, fagutvikling og gjensidig kompetansedeling.
KLUe legg til rette for hospitering begge vegar:
- lærarar som besøker klinikken
- klinikarar som besøker campus
Som ein del av utdanninga til spesialsjukepleiarane ønskte Klinisk forskingspost å gi studentane eit innblikk i korleis forsking blir gjennomført i sjukehuset, og korleis forskingskompetanse kan bidra til kunnskapsbasert praksis og fagutvikling. Samtidig fekk studentane møte med litt av fagmiljøa som arbeider med forsking i Helse Møre og Romsdal.
Dagen starta med velkomst ved leiaren for Klinisk forskingspost, Dag Arne Lihaug Hoff, som gav ei innføring i forskingsposten og klinisk forsking.
Studentane fekk også ei innføring i arbeidet til Data Access Committee (DAC) og dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK), presentert av Solveig Fadnes og Katarina Mølsæter frå seksjon for Forsking og Utdanning. Deretter vart det ein samtale om masteroppgåva, med tips og råd til planlegging og gjennomføring av eigne forskingsprosjekt.
Maria Altrichter, studiesjukepleiar ved Klinisk forskingspost, presenterte studiesjukepleiarrolla og gav ei innføring i prosessen ved oppstart av nye studiar. Synnøve Yksnøy fortalde om bioingeniøren si rolle i forsking og arbeidet med Biobank 1. Besøket vart avslutta med omvising i lokala til Klinisk forskingspost i Ålesund.
Studentane opplevde dagen som både spennande og lærerik. Målet med besøket var å gi informasjon og innsikt, synleggjere tilboda og moglegheitene ved Klinisk forskingspost og inspirere studentane til å ta i bruk forskings- og masterkompetansen sin i klinisk arbeid.
Besøket vart gjennomført for intensivsjukepleiarstudentane i Ålesund, men ambisjonen er å utvide tilbodet til også å omfatte operasjons- og anestesisjukepleiarstudentar. På sikt er ønsket å etablere tilsvarande læringsaktivitetar ved SNR, slik at fleire studentar blir kjende med Klinisk forskingspost og forskingsaktiviteten i føretaket.
For Klinisk forskingspost er det viktig å bidra til at spesialsjukepleiarstudentar blir kjende med forskingsaktiviteten i føretaket og ser korleis forsking kan vere ein naturleg del av fagutvikling og pasientbehandling. Kanskje vart det også tent ei forskarspire eller to under besøket.